RSS

Yrsa Sigurdardottir – JEG VET HVEM DU ER

05 Feb

Bak på boka kan denne historia minne om den gamle NRK-serien Marerittet, der et par overnattar på eit nedlagt fiskevær. Her er det snakk om eit par, og ei venninne, som skal pusse opp eit gammalt hus dei har kjøpt, og gjere det om til eit gjestegiveri.

Det er vinter, og resten av det avsidesliggande fiskeværet står tomt, og alle vindauga er spikra for. Dei har avtalt med ein lokal mann som skal hente dei frå fastlandet om nokre dagar. Men så skjer det ting i mellomtida.

Samstundes har psykologen Freyr teke ei legestilling nordpå, for å kome vekk frå Reykjavik, etter at sonen hans forsvann sporlaust tre år tidlegare.

Uforklarlege ting byrjar å skje samstundes på dei to stadane.

Ei veldig skummel og spennande bok, der me kjenner igjen noko av stemninga  frå Indridason sine bøker.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 9
Historia minner mykje om TV-serien Marerittet, og det er i seg sjølv spennande nok.

Karakterane – 8
Dei som er med er spennande og har fleire djubder, og fine bakgrunnshistorier.

Miljøskildring – 10
Veldig stemningsfullt skildra. Både frå det skumle, nedlagde fiskeværet, og frå den vesle bygda Freyr bur og jobbar i.

Språket – 9
Enkelt og fint. Av og til er det litt overforklarande, så du får kjensla av å sjå ein grøssarfilm i staden for å lese ei bok, men driven er der heile tida, og det er knapt ei roleg stund i boka.

Starten – 8
Heilt frå byrjinga vert det skapt forventingar til det som skal kome.

Sidesnuing – 9
Det er spennande heile vegen, og sidan annakvart kapittel handlar om fiskeværet og den vesle bygda, så har forfattaren har lagt opp til ein cliffhanger i siste setning av kvart kapittel. Veldig effektfullt.

Tempo – 8
Det går framover i bra tempo heile vegen, samstundes som me heile tida får vite nye ting frå fortida.

Forutsigbarheit – 8
Det er vanskeleg å gjette kva som kjem til å skje, og den skumle stemninga gjer at du alltid lurer på kva som kjem rundt neste hjørne.

Den gode kjensla – 9
Veldig bra. Det einaste minuset er at boka er så spennande og skummel at du sit med ei kjensle av at forfattaren umulig kan greie å avslutte den på same nivå. Det er for mange uforklarlege ting som skjer at ein ikkje heilt skjønar korleis det kan vere ei realistisk avslutning.

Avslutninga – 8
Men likevel klarer altså Sigurdardottir å ro i land det heile. Om enn det er nokre ubesvarte spørsmål til slutt, så vert dei fleste trådane sydd saman på ein veldig truverdig måte.

TOTAL: 8,6


Reklame
 
 

3 responses to “Yrsa Sigurdardottir – JEG VET HVEM DU ER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: