RSS

Mo Hayder – RITUALER

11 Mar

Mo Hayder er eit namn ein ikkje kan unngå å sjå i krimbokhyllene rundt om, og sjølv om dei ikkje har virka så veldig interessante, så kjøpte eg denne for å sjekke det ut.

Dette er den fyrste boka i ein serie som enten handlar om politmannen John Caffery eller politidykkaren Flea Marley. Kven av dei to som er hovudpersonen er litt vagt.

Under eit dykk i hamna i Bristol finn Marley ei avkappa hand. Dagen etter finn dei den andre, men ikkje noko lik.

Saman med Caffery, som nettopp har vorte overflytta frå London, leiter Marley i eit afrikansk miljø, der svart magi står i sentrum.

(2008)

Vurdering:

Plottet – 6
Ikkje veldig spennande, korkje i omtalen på ryggen, eller i sjølve boka.

Karakterane – 6
Ikkje all verda her heller. Hayder maler eit kompleks bilde av både Marley og Caffery, men det vert for hektisk, og me rekk ikkje å kome inn under huda på disse innvikla personligheitene.

Miljøskildring – 6
Bristol virkar som ein mørk og dyster plass ein aldri har lyst til å reise til, gjennom denne boka.

Språket – 7
Heilt ok, nokenlunde lettlest, og ikkje så mykje utanomsnakk. Men dessverre er det for lite framdrift, og altfor uklart kva som eigentleg skjer her.

Starten – 6
Langdryg og treig og uklar.

Sidesnuing – 6
Ikkje veldig spennande. Tek seg litt opp dei siste 50-60 sidene, men dei fysste 340 er for dårlege.

Tempo – 7
Det går framover, men altfor seint og det er for mange spørsmålsteikn.

Forutsigbarheit – 6
Ikkje mykje overraskingar her.

Den gode kjensla – 5
Dessverre druknar det vesle som må vere av spenning og plot her, i ein mørk graut av dysterheit og traumer. Alt i alt er dette den mest skuffande krimboka eg har lest på fleire år.

Avslutninga – 7
Det tek seg litt opp på slutten, og vert litt meir spennande, men dessverre er det altfor seint til å redde inntrykket av både bok og forfattar.

TOTAL: 6,2

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/03/2012 tommar bristol, england, hayder, politi

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.