RSS

Ninni Schulman – JENTA MED SNØ I HÅRET

14 Mar

Magdalena Hansson flyttar tilbake til heimbygda Hagfors etter ei skilsmisse, saman med sin 6 år gamle son. Ho tek over som redaktør i lokalavisa, og ser fram til å jobbe med å dekke basarar og barnehageutflukter.

Men så forsvinn ei ung jente på nyttårsaftan, og ikkje lenge etter vert ei ung jente funnen drept. Er det den same jenta?

Nok ein drivande og god krim frå den svenske landsbygda. Schulman skil seg nok litt frå sine kolleger, med å vere litt mindre stemningsfull i miljøskildringane, men desto meir detaljert om grove overgrepshandlingar.

Men boka vart lest i løpet av tre kveldar, og kan fort verte ein av dei store påskehitane i år.

Her kan du kjøpe boka.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Sjølve utgangspunktet høyres ikkje umiddelbart så veldig spennande og originalt ut, men la deg ikkje lure av det. Det snører seg til ganske fort.

Karakterane – 8
Gode, varierte og godt samansette. Om ein skulle utsetje noko, så er det at det kanskje er litt mange som er ganske sentrale, og litt vanskeleg å orientere seg om kven som eigentleg er hovudperson. Ikkje at det er eit minus, men det kunne gjerne vore litt klarare i denne.

Miljøskildring – 7
Ikkje i nærheita av sine svenske kolleger, som Theorin, Rosman og Läckberg, som skildrar den svenske landsbygda på ein utmerka måte, der du berre vil ha meir, og helst reise til staden og oppleve den sjølv. Likevel får ho fram kjensla av å flytte frå storbyen og tilbake til ein av Sverige sine minste byar.

Språket – 9
Enkelt og greit. Ikkje mykje utanomtull, og bra driv heile vegen.

Starten – 7
Det er mykje som skal forklarast i starten, og så er det alle disse karakterane me skal innom. Likevel greier ho å få det spennande allereie frå ganske tidleg.

Sidesnuing – 9
I og med at det er så mange parallelle historier, og mange karakterar, så er det alltid noko spennande i ei av historiene, som du knapt kan vente på å finne ut av. I går kveld las eg over 200 av dei nokre og 300 sidene i løpet av nokre timar.

Tempo – 8
Det er ingen heseblesande thriller, reint tempomessig, men det er heller aldri stilleståande. Bra driv, ting skjer, og du vil ha vite meir.

Forutsigbarheit – 7
Nokre få overraskingar, men i forhold til mange andre forfattarar, så skin det litt gjennom kva som kjem til å skje her. Uten at du nødvendigvis klarer å gjette kven som har gjort det så altfor tidlig.

Den gode kjensla – 8
Ei godt skreven bok, spennande og med bra tempo. Kan anbefalast.

Avslutninga – 8
Held nivået til resten av boka. Spennande heilt ut, sjølv om den er litt lett gjennomskuelig mot slutten.

TOTAL: 7,8

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 14/03/2012 in hagfors, journalist, schulman, sverige, vinter

 

One response to “Ninni Schulman – JENTA MED SNØ I HÅRET

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: