RSS

Ian Rankin – NÅR MØRKET FALLER

05 Apr

Set in Darkness er den ellevte boka om Rebus.

Året er 1999, og Skottland skal endelig få sitt eige parliament, 20 år etter at dei hadde avstemming sist.

Under oppussing av eit hus ved Queensberry House, vert eit lik funne innemurt i ein vegg.

Berre nokre få dagar etter funnet, vert ein framståande politikar drepen i same område, på ein måte som liknar. Rebus og Clarke må finne ut om det er ein samanheng.

(2000)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit forholdsvis lite innvikla plott, med historiske aner.

Karakterane – 9
Som alltid har Rankin sterke og varierte karakterar.

Miljøskildring – 8
Ikkje så mykje miljø, men du kjenner igjen fleire stader frå tidligare bøker, og har du vore i Edinburgh, er det mykje kjende stader som dukkar opp.

Språket – 10
Enkelt og greit. Mykje infomasjon kjem inn frå sidene heile vegen, og vert fint fletta inn i historiene. Samstundes får me tilbakeblikk til tidligare saker utan at det går ut over historia.

Starten – 7
Det går litt sakte til å bjynde med, og tek litt tid før me er sett inn i alle dei parallelle sakene.

Sidesnuing – 8
Utover i boka vert det veldig spennande, og det er ei vanskelig bok å legge frå seg, i alle fall siste fjerdedel.

Tempo – 8
Bra driv heile vegen, etter ein litt informativ start.

Forutsigbarheit – 8
Som alltid i Rebus-serien, så er det lett å la seg overraske. Mange vriar og realistiske vendingar.

Den gode kjensla – 9
Ein skikkelig god krim, som alltid. Rebus skuffar sjeldan.

Avslutninga – 9
Spennande, dramatisk og oppklarande avslutning.

TOTAL: 8,4

 
Éin kommentar

Posta av den 05/04/2012 in edinburgh, rankin, rebus, skottland

 

One response to “Ian Rankin – NÅR MØRKET FALLER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: