RSS

Gillian Flynn – ÅPNE SÅR

07 Apr

Ein ung journalist i Chicago er nettopp tilbake i jobb, etter eit opphald på ein psykiatrisk klinikk. I barndommen mista ho systra si, og etter det begynte ho å kutte seg sjølv, men har no byrja å få ting nokon lunde under kontroll

Så vert ho send til heimbyen Wind Gap i Missouri, der ei ung jente vart drepen for ei tid tilbake, og ei jamnaladrande no er forsvunnen.

Men gjensynet med mora etter alle disse åra vert meir krevande enn venta, og privatlivet i småbyen vert like utfordrande som saka ho skal dekke.

Flynn malar eit spesielt og truverdig bilde av småbyamerika, men handlinga forsvinn litt i alt dette.

(2006)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung jente vert drepen, ei jamnaldrande forsvinn. Ein seriemordar kan vere laus i ein amerikansk småby.

Karakterane – 9
Gode, og med omfattande historier, som vert serverte i passelege dosar.

Miljøskildring – 8
Solid skildring av småbyen, om oppvekst, fattigdom og å vere den finaste på skulen. Litt i overkant spekulativt til tider, med eksplisitte sexhistorier. Men Flynn får fram ei skummel stemning over nesten heile fjøla.

Språket – 8
Heilt fint. Flyt bra, ikkje for mange avvik frå hovudhistoria. Litt tungt somme stader, spesielt i byrjinga.

Starten – 7
Starten er litt tung, og det kunne fint gått raskare. Men samstundes vert me sett inn i forhistoriene på ein grei måte.

Sidesnuing – 7
Det er spennande til tider, men det er ikkje den vanskelegaste boka å legge frå seg. Etter kvart stoppar handlinga litt opp.

Tempo – 7
Heilt greit.

Forutsigbarheit – 7
Ikkje dei store overraskingane.

Den gode kjensla – 7
Ei god bok, skummel, spennande stemning, men litt rar slutt, og litt spekulativ. Handlinga går litt i stå, sjølv om boka er såpass kort.

Avslutninga – 7
Litt rar. Den er litt brå, med ein tvist på slutten som gjerne kunne fått tildelt litt meir tid.

TOTAL: 7,5

 
2 kommentarar

Posta av den 07/04/2012 in barn, flynn, journalist, missouri, usa

 

2 responses to “Gillian Flynn – ÅPNE SÅR

  1. Isabella

    07/04/2012 at 22:32

    Denne har jeg virkelig lyst å lese:)

     
  2. mwn77

    08/04/2012 at 10:54

    Ja, som nemnt er det ei god, og til tider skummel bok, så det kan anbefalast

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: