RSS

Arnaldur Indridason – HJEMSTAVN

09 Apr

Erlendur er på heimtraktene, dit han stundom dreg. Han bur i den falleferdige rønna som står att av huset han vaks opp i, og er ofte oppe i heiene og leitar etter broren Bergur, som forsvann for mange år sidan.

Han møter ein revejeger, Boas, og dei kjem i snakk om ei anna forsvinningssak, om Matthildur, ei kvinne som forsvann i ein vinterstorm på 40-talet. Same natta kom 60 britiske soldatar ut for same snøstormen, på same staden, og mange av dei omkjem. Likevel finn dei alle soldatane, men ikkje Matthildur.

Erlendur byrjar prate med folk som kunne kjent Matthildur og mannen hennar, og litt etter litt dukkar det opp ting i forsvinninga som ikkje var kjende før. Alle veit litt om, men ingen har nokon gong snakka saman.

Mange spekulerer i om dette er siste bok om Erlendur, sidan han ikkje var med i den forrige, og ikkje har vore i Reykjavik på lenge. Men i fjor kom det ei ny bok ut på islandsk, som heiter noko slik som «duellen» på norsk, om sjakkampen mellom Spassky og Bobby Fischer i 1972. Og Marion Briem er i alle fall med i den boka.

Og godt er det, for denne serien finn knapt sin likemann nokon stad.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Erlendur er i heimtraktene og byrjar nøste opp i ei gammal forsvinningssak. Ei kvinne forsvann i ein vinterstorm, samstundes som mange andre, men ho var den einaste som ikkje vart funnen.

Karakterane – 10
Som alltid, Indriason sine karakterar er so og seie fullkomne.

Miljøskildring – 9
Islandsk småstad i endringar. Veldig stemningsfullt.

Språket – 9
Bedre enn dei fleste. Lettlest og god flyt. I denne boka er det mykje tilbakeblikk, meir enn i dei forrige, men på grunn av saka Erlendur jobbar med, er dei likevel relevant til historia

Starten – 8
Mørk og dyster stemning i Østfjordane på Island.

Sidesnuing – 9
Du lurer heile tida på kva Erlendur finn ut på neste side. Sjølv om tempoet i boka utad er såpass slapt og bedagelig, så kjem hint og funn på rekke og rad heile vegen.

Tempo – 8
Som over; alle i boka lev bedagelige og sakte liv, men sjølve historia sprutar framover, side for side.

Forutsigbarheit – 8
Du klarer ikkje å gjette kva eller kven for tidlig, som ein forventar seg.

Den gode kjensla – 8
Den skiller seg litt frå dei andre bøkene i serien, men spenninga ligg tjukt utanpå heile vegen. Ein skikkelig god påskekrim.

Avslutninga – 9
Det vert meir og meir spennande, og til og med litt ekkelt mot slutten. Ei kanonavslutning, som vanleg.

TOTAL: 8,5

Advertisements
 

2 responses to “Arnaldur Indridason – HJEMSTAVN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: