RSS

Harlan Coben – I DEN SKOGEN

15 Apr

Fire ungdomar forsvinn i skogen under ein sommarleir. To av dei vert funne drepne, medan dei to andre aldri dukkar opp igjen. Paul Copeland var bror ein av dei som aldri dukka opp igjen, og ein dag verta han kalla inn for å identifisere eit lik som har hatt på seg ting som knyttar han til Copeland. Det viser seg å vere den tredje av dei som forsvann i skogen. Han har med andre ord vore i live i 20 år. Då er det berre systera hans som manglar, og Copeland, som har ei familie som aldri har gitt opp håpet, får blod på tann.

Det viser seg at det er fleire andre som har hatt hemmeligheiter som ikkje har kome inn.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 8
Spennande tanke. Folk forsvinn og vert antatt døde, så dukkar ein av dei to opp 20 år seinare. Fleire historier fletta saman på ein meisterleg måte, og tjukt med bakgrunnsinfo i alle ledd.

Karakterane – 8
Gode og spennande typer. Litt rart sammensett kanskje, og nokre av karakterane som er sentrale i oppklaringa, er perifere.

Miljøskildring – 7
Amerikansk by og småby. Og skog. Til tider stemningsfullt.

Språket – 8
Enkelt og greit og lettlest. Bra driv.

Starten – 7
Det er litt treigt i byrjinga, men tek seg opp.

Sidesnuing – 9
Utover i boka er det spennande og vanskeleg å legge frå seg boka.

Tempo – 8
Stort sett veldig bra. Det går framover i bra driv, og det meste som skjer er relatert til historia.

Forutsigbarheit – 8
Det er mange lag, og tek litt tid før ein får mistanke om kva som skjer.

Den gode kjensla – 8
Ein god krim, for all del. Spennande, intrikat, og meg eit jamnt høgt nivå. Grundig arbeid. Likevel litt skuffande i forhold til anmeldelsane. Ein skribent frå Aftenposten seier det er ein av dei beste krimane han har lest…

Avslutninga – 8
Eigentleg veldig bra, med litt rar også, i og med at det er ein karakter som er så irriterande usynleg heile vegen, som likevel er så sentral i å løyse denne floken.

TOTAL: 7,9

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: