Middelalderske drapsmetoder
Den fyrste boka om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan, blant andre kjende frå påskekrim på NRK dei siste åra.
I den fiktive engelske byen Bradfield, vert menn funne drepne og dumpa i området rundt byens homofile utestader. Offera er torturerte på middelaldersk vis, og politiet står heilt utan spor.
Tony Hill vert hyra inn for å analysere gjerningsmannen, sjølv om politifolka er skeptiske til akademikaren.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar påskekrimmen med Tony Hill og Carol Jordan.
(1995)
Vurdering:
Plottet – 7
Menn vert drepne og funne i det homofile miljøet i Bradfield. Politiet fryktar ein homofob massemordar.
Karakterane – 8
Spennande, og utfyllande. Jordan og Hill er velkjende frå TV-skjermen, med kolleger og sjefar som utfyller dei bra.
Miljøskildring – 7
Heil ok. Ein fiktiv by er aldri lett å verte klok på.
Språket – 8
Enkelt og lettlest. Framdrift heile vegen, med små dagboknotatar frå mordaren undervegs.
Starten – 7
Litt flatt i starten, men det tek seg fort opp.
Sidesnuing – 7
Utover i boka er det veldig spennande.
Tempo – 7
Bra tempo, og bra flyt.
Forutsigbarheit – 7
Veldig bra. Med mindre du har sett den på TV, går det lenge før du set brikkane saman.
Den gode kjensla – 8
Spennande og bra krim. Ei solid serie.
Avslutninga – 7
Spennande, sjølv om ein mot slutten veit at ting kjem til å ordne seg i den fyrste boka i ei serie.
TOTAL: 7,3
Isabella
20/05/2012 at 19:44
Elsker å følge med her etter krim bøker å lese:) Takk for tips:) Gleder meg til å lese denne:)
mwn77
21/05/2012 at 08:24
Denne var bra, men den som kjem om eit par dagar lovar endå bedre 🙂