Den tredje boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge. Denne gongen er dei tilbake i Horten, der Petter skal ledsage ein utsending frå paven, som er på omreise i Norge.
Under stoppet deira i Fredrikstad, vert ein mann drepen, same natt som han har hatt besøk av den italienske eksellensen. Når det same skjer i Tønsberg, byrjar Petter å ane uråd, og får kontakta Thomas, som er i Christiania.
(2003)
Vurdering:
Plottet – 7
Petter Hortten er på reise i Norge, saman med nuntius Michelangelo dei Conti, som er utsendt frå Paven, og som skal sjå seg rundt i landet.
Karakterane – 8
Gode karakterar heile vegen. Denne gongen er det mest fokus på Petter Hortten, og Thomas av Boueberge kjem inn litt etter kvart.
Miljøskildring – 8
Spennande og interessant om Fredrikstad og Tønsberg på 1700-talet.
Språket – 7
Litt tungt i starten, men det tek seg opp utover. Mykje tilbakeglimt frå oppveksten til Petter Hortten.
Starten – 6
Det går litt sakte, og det tek litt tid både før ting byrjar skje, og før ein kjem skikkelig inn i forteljinga.
Sidesnuing – 7
Ikkje all verden. Det går trått i byrjinga, men på dei siste 100 sidene (av 460) er det ganske bra.
Tempo – 7
Som i dei andre bøkene om Petter og Thomas, så er tempoet labert. Akkurat i den komprimerte delen der ting skjer, går det litt kjappare.
Forutsigbarheit – 8
Gode vriar, vanskeleg å forsutsjå kva som kjem til å skje. Spennande avslutning, og truverdig oppsummering.
Den gode kjensla – 7
Litt for store delar av boka er for tam, dessverre. Bra der det er bra, men det er for liten del av boka. Denne er nok den svakaste av dei tre så langt, mest fordi Thomas av Boueberge ikkje er så sentral. Han har gjort mykje av dei andre bøkene.
Avslutninga – 8
Som nevnt, dei siste 100-150 sidene er dei beste, utan at det heilt klarer å berge heilheitsinntrykket.
TOTAL: 7,3