RSS

Camilla Läckberg – STEINHUGGEREN

03 Jul

Den tredje boka om Fjällbacka, og den klart beste hittil. Det viser seg at eg har sett filmatiseringa av denne, så ein sit heile tida med ein kjensle av at ein har lest dette før. Likevel er oppbygginga, det intrikate miljøet og den vedvarande spenninga på eit heilt anna nivå enn dei to fyrste bøkene.

Ei ung jente vert funnen drukna i havet ved Fjällbacka, og det viser seg seinare at ho har ferskvatn og såpe i lungene, og dermed ikkje har drukna i sjøen. I tillegg viser det seg at ho har aske i munnen (som er ein av teaserane bakpå boka, men som ikkje kjem fram før me har lest nesten 100 sider).

Parallelt går ei historie om ein steinhoggar frå ca 20-talet, og etter kvar aner ein at disse to vert tvinna saman.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung jente vert funnen drukna i havet, med ferskvatn og aske i lungene. Eit spennande nett rundt jenta og hennar familie, gjer at det heile tida er spenning rundt hovudhistoria.

Karakterane – 9
Gode, bedre enn før, og somme irriterande, som før. Ikkje alle kjem heilt til sin rett, men stadig fleire er gode, og mange av dei nye bekjentskapene er veldig bra.

Miljøskildring – 7
Heller ikkje denne boka har like mykje fokus på miljøet i Fjällbacka som den fyrste.

Språket – 8
Bedre enn forrige bok. Enkelt og lettlest, og likevel veldig rikt på informasjon.

Starten – 8
Her går me ganske rett på sak, og det tek ikkje lang tid før det er spennande.

Sidesnuing – 8
Veldig bra. Sidene flyg av garde.

Tempo – 9
Tempoet og flyten er bra. Ingenting å utsetje. Bihistoria flyt også bra.

Forutsigbarheit – 8
No fekk eg høyre at eg ikkje var flink nok til å skjøne kva som skjedde i den forrige boka, og akkurat på det punktet har nok også denne eit par svakheiter. Somme gonger kjem ting litt for tydelig fram, og det øydelegg litt av spenninga. Kanskje dei einaste store minuset med boka. Likevel er det mykje ein aldri kan gjette, som er veldig bra.

Eit anna, og litt mindre, minus er som nevnt dette med asken, som me veit i nesten 100 sider, før dei i boka finn ut av det.

Den gode kjensla – 8
Bra bok, virkar mykje meir fyldig og gjennomført enn dei to fyrste.

Avslutninga – 8
God og tydelig og, som Läckberg er veldig flink til; oppklarande. Her er det ingen lause trådar i mysteria me har jobba med dei siste dagane.

TOTAL: 8,1

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: