RSS

Michael Connelly – DEN SISTE COYOTE

17 Jul

Den andre boka som er omsett til norsk, i serien om Harry Bosch. Denne gongen er han suspendert frå tjenesten, og startar ei etterforsking på eigen hand.

Han byrjar sjå på sakspapira frå den gongen mor hans vart drepen, ein gong tidlig på 60-talet.

Det viser seg at det er fleire mektige menn i filmbyen, som ikkje set pris på at han byrjar snuse i den gamle saka.

Nok ei kanonbok. Det er som om John Rebus har flytta til Los Angeles.

(1995)

Vurdering:

Plottet – 8
Mor til Harry Bosch, som var gateprostituert, vart funnen kvalt i ei bakgate ein gong på 60-talet. Saka vart henlagt, utan å verte skikkelig etterforska. Bosch byrjar leite i dei gamle arkiva, og finn ut at høgtståande folk er involverte.

Karakterane – 9
Solide og utfyllande, og enkle å følge med på.

Miljøskildring – 8
Los Angeles like etter eit jordskjelv. Sjølv om fokuset ikkje er på omgivelsane, så gjer det i alle fall ikkje boka mindre lesbar.

Språket – 10
Bedre enn dei fleste. Enkelt, rett fram, fartsfyllt og aldri kjedelig.

Starten – 8
Det tek eit par sider å kome i gong, men så er det fullt køyr.

Sidesnuing – 9
Spennande heile vegen.

Tempo – 9
Ingen sidesprang i det heile tatt. Det er vanskelig å finne ei pause der du kan legge frå deg boka.

Forutsigbarheit – 8
Ikkje den klassiske cliffhangerstilen som mange nye bøker har, men likevel overraskande og spennande heile vegen.

Den gode kjensla – 9
I og med at det ikkje har vore noko hausing rundt denne boka i det siste, (i og med at den er 17 år gammal) så kjennes det som ei heilt vanleg bok, men likevel er den i ein eigen liga heile vegen. Med tanke på kor bra den fyrste boka var, er det rart eg venta såpass lenge med denne…

Avslutninga – 8
Heilt i tråd med resten. Glimrande.

TOTAL: 8,5

Advertisements
 
 

One response to “Michael Connelly – DEN SISTE COYOTE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: