RSS

Unni Lindell – DJEVELKYSSET

20 Jul

Ei kvinne, Vivian Glenne, vert drepen i eit lite nabolag, og sidan ho levde eit utsvevande liv, er kandidatane som mistenkt, mange.

I tillegg set den eldste sonen hennar i gong ei privat etterforsking.

Ein skuffande start, og ei heilt middels bok, men kanskje likevel den beste Lindellboka eg har lest, og etter tre forsøk er vert den nok ståande som den beste eg nokon gong kjem til å lese av denne forfattaren.

Men det mest utrulige med denne boka, er at den vert avslutta eit minutt før bomba i regjeringskvartalet gjekk av, 22.juli i fjor. Dette er tatt heilt ut av det blå, har ingenting å seie for historia, men likevel brukast det for å gjere boka spesiell. I beste fall fryktelig smaklaust og eit mislykka forsøk på å gjere boka interessant.
(2012)

Vurdering:

Plottet – 6
Ei laus kvinne vert drepen, ein av elskarane står sannsynlegvis bak. Men kven? Kandidatane står i kø. Uoriginalt, og det virkar som du har sett historia på ei eller anna krimserie før.

Karakterane – 7
Cato Isaksen er ein solid karakter, men den kvinnelige etterforskaren er tynn og kunstig. Funkar ikkje heilt. Her er mange bitar av fleire bikarakterar me har sett før, men samansetjinga funkar ikkje. Ein del av dei mistenkte er også i store delar av forteljinga i skjul, og me veit for lite om dei.

Miljøskildring – 7
Vert aldri heilt klok på det. Ein eller annan stad på Lambertseter, men minner meir om ei småbygd til tider.

Språket – 8
Ikkje så verst. Ganske rett fram, og lite utanomting.

Starten – 6
Det går seigt, og dette med datoen som ein veit kjem til å lede opp mot 22.juli er veldig smaklaust, og får ein til å gløyme fokus litt. Men uansett tek det for lang tid før me er i gong, og når me er i gong, er det ikkje så mykje bedre.

Sidesnuing – 7
Mot slutten er det ganske spennande, men dei fyrste delane av boka er ikkje all verda.

Tempo – 7
Heilt ok. Det går framover, om enn ikkje så veldig spennande. Lite utanomsnakk, i forhold til tidlegare Lindellbøker.

Forutsigbarheit – 6
Ikkje altfor vanskelig å gjette, men også minus for at hovudmistenkte kjem inn i boka heilt mot slutten, så me knapt har anelse om kven dei er.

Den gode kjensla – 6
Kjem dessverre aldri. Dette med at saka startar litt før 22.juli, og leier opp mot det, når det ikkje er NOKON TING i heile boka som tilseier at handlinga ikkje kunne vore rundt 22.juni i staden, for eksempel, trekk veldig ned. Her får ein kjensla av at ein skor seg på andre si tragedie. Utanom det, er plottet uoriginalt, noko som jo er ganske vanleg i krimbøker, men då må det kompenserast med spenning. Det skjer ikkje her, dessverre. Sikkert ei bra bok for dei som er glad i Cato Isaksen, men dette var ikkje i mi gate.

Avslutninga – 7
Boka er best mot slutten, men ikkje all verda.

TOTAL: 6,7

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/07/2012 tommar isaksen, lindell, norge, oslo, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: