RSS

Camilla Läckberg – ULYKKESFUGLEN

23 Jul

Bok nummer 4 om livet i Fjällbacka. Ei avholdskvinne vert funnen død etter ei bilulukke, og det viser seg at ho har ein dødelig dose alkohol i kroppen.

Samstundes vert Fjällbacka invadert av eit TV-team som skal lage ei serie med realitystjerner som skal bo i bygda.

Den definitivt beste og mest intrikate av Läckbergbøkene så langt, sjølv om det denne gongen er mykje fleire, og mindre interessante bihistorier.

(2006)

Vurdering:

Plottet – 9
Ei kvinne vert funnen omkomen etter ei bilulykke, og sjølv om ho aldri drakk alkohol, har ho eit altfor høgt alkoholinnhald i blodet. Patrik Hedström meiner han har høyrt om ei liknande sak tidligare.

Intrikat, intelligent, og likevel vert alle lause trådar nøsta opp i, på ein truverdig måte. Alt i alt, eit veldig bra krimplott.

Karakterane – 8
Gode, sjølv om mange av dei framleis er i overkant karikerte. Bikarakterane er ikkje like gode denne gongen som i forrige bok.

Miljøskildring – 7
Ei gruppe realitykjendisar inntek bygda, og me får eit fint innblikk i småbylivet.

Språket – 8
Veldig bra, men denne gongen er det litt utanomhistorier, som ikkje har noko med krimen å gjere, blant anna eit bryllup, som tek veldig mykje plass.

Starten – 8
I og med at det er mange historier i denne boka, tek det litt tid å verte sett inn i alle.

Sidesnuing – 9
Når me er i gong, går denne boka så det susar. Veldig spennande, stort sett heile tida.

Tempo – 9
Bra fart, sjølv om blant anna bryllaupshistoria dreg ned litt.

Forutsigbarheit – 8
Dette er jo den mest intrikate boka av dei som har kome ut hittil, men likevel er det kanskje den boka der det er lettast å spotte gjerningsmannen. Men uansett er det mykje bra heile vegen.

Den gode kjensla – 9

Som nemnt, den beste boka frå Fjällbacka så langt. Intrikat og innvikla, men med logiske løysingar heile vegen. Veldig bra.

Avslutninga – 8
Sjølv om me veit kven som har gjort det, vert slutten både spennande og fartsfyllt.

TOTAL: 8,3

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: