Må innrømme at eg mista litt gnisten her. Var blakk og satt med to bøker, den fyrste av Tana French, som eg ga meg på sist, og den neste Camilla Läckberg. Har bjyndt så smått på begge to, men dei fenger ikkje veldig. Men så kom lønna, og det vart innkjøp. Denne boka her gjekk på eit par dagar.
Handlinga er sett til Reine i Lofoten, ein ekte stad denne gong, i motsetning til sist. Ein storm og eit jordskred avdekker ein menneskekropp som har ligge nedgreven lenge. Rino Carlsen tek turen ut for å finne ut kven dette kan vere, og tenkjer at det neppe kan vere så vanskeleg, i og med at det berre er ein handfull hus i den vesle bygda.
(2012)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit gammalt skjelett dukkar opp, i ei nesten fråflytta bygd. Samstundes vert ein forbrend pasient på den lokale sjukeheimen utsett for drapsforsøk.
Karakterane – 8
Gode, og veldig lite pretensiøse, som me så altfor ofte ser, både hos ferske og etablerte krimforfattarar.
Miljøskildring – 10
Verdensklasse. Skildringa av ein stormen og uveret og ting som ikkje fungerar heilt som det skal i den vesle bygda, gir boka ein eigen dimensjon. Her har Granhus ein fordel mange andre forfattarar kan misunne han.
Språket – 9
Enkelt og bra. Veldig bra driv heile vegen.
Starten – 8
Spennande frå fyrste side.
Sidesnuing – 9
Ingen kvileskjer, her skjer det ting heile vegen. Nesten i overkant med cliffhangera. Men dei mange korte kapitla Granhus legg opp til, fungerar veldig bra for å halde ei jamn, høg spenning.
Tempo – 9
Som nemnt over, så er det ikkje mykje å utsetje på drivet.
Forutsigbarheit – 8
Du ser kanskje kva som vil skje ganske tidleg, men spenninga held seg likevel. I tillegg så gjer Granhus noko som er svært sjeldan: Når han gir oss leietrådar, via mistankane til hovudpersonen, så er hovudpersonen på høgde med oss, og tek i tak i disse mistankane umiddelbart. Det er ikkje slik som i mange andre bøker, der du sit og riv deg i håret fordi etterforskarane ikkje ser den enkle logikken som lesaren ser.
Den gode kjensla – 9
Veldig bra. Fantastisk miljø og stemning, og spennande heile vegen.
Avslutninga – 8
Action og spenning, og ingen lause trådar. Ei veldig god bok, rett og slett.
TOTAL: 8,6
One response to “Frode Granhus – STORMEN”