RSS

Camilla Läckberg – TYSKERUNGEN

11 Sep

Har mista litt tellinga på antall bøker no, men dette er i alle fall den som kjem etter Ulykkesfuglen.

Erica finn ei tysk krigsmedalje på loftet, når ho leitar i sakene etter mor si. Ho leverer den til ein lokal mann som samlar på memorabilia frå krigen, og ei stund seinare vert han funnen død. Det viser seg at han var ein nær ven av mor til Erica, som prøver å finne ut meir om mor si, parallellt med etterforskinga av drapet.

Dette er nok den mest skuffande boka hittil. Ikkje fordi historia er så mykje dårligare enn dei andre, men fordi det kjem så tydelig fram i denne boka at alle historiene og plotta vert altfor like, at karakterane utviklar seg i feil retning, og ikkje minst vert ein oppgitt over at forfattaren brukar alle snarvegane som finst. Det skin gjennom at ho ikkje klarar å skrive historiene spennande nok, og dermed må jukse seg fram til spenning.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein eldre mann vert funnen død i heimen sin. Han samlar på krigsminne frå andre verdskrigen, og Erica Falck har akkurat levert ei medalje til han. Han har også vore i same gjengen som mor til Erica, og ho prøver, parallellt med etterforskinga (som forøvrig er utan Patrik, som har pappaperm) og verte bedre kjend med mora, som ho aldri kom nær medan ho levde.

Karakterane – 7
Me har vorte kjende med dei fleste, men i motsetning til alle andre bokserier, så blir karakterane her mindre spennande i denne boka, enn dei har vore før.

Miljøskildring – 7
Ikkje så veldig miljøfokusert her. Ein del tilbakeblikk til krigens dagar i Fjällbacka.

Språket – 7
Bra som vanleg, med unntak av disse snarvegane som ho tek heile tida. Dei har for så vidt vore der heile tida, men no meir tydelig enn nokon gong. Eit eksempel er at ho skriv at Patrik har ein mistanke om at det er noko han ikkje har tenkt på, eller at nokon veit det er ein sammanheng her som dei ikkje ser, eller har noko i bakhovudet som dei ikkje kjem på. Dette er ting som ein bedre forfattar får fram, utan å bruke disse virkemidla.

Samtidig så er det også stunder der ho ikkje fortel oss kva karakterane snakkar om, når dei har kome over ei avsløring, noko som også er med på å bygge opp stemning sjølvsagt, men likefullt unaturlig og rart.

Starten – 7
Ikkje så veldig spennande. Det tek tid før det skjer noko av særleg interesse.

Sidesnuing – 7
Slapt i starten, men frå rundt 250 sider og fram mot slutten, er det ganske spennande.

Tempo – 8
Som over, bra når me er litt over halvvegs.

Forutsigbarheit – 7
For min eigen del var denne boka mykje lettare å sjå slutten på enn mange av dei tidlegare. Likevel eit par fine tvistar utover.

Den gode kjensla – 7
Som sagt over, så falt inntrykket av Läckberg mykje i denne boka. Alle snarvegane, at karakterane vert mindre  spennande, at alle kvinner som er med i alle bøkene (minus Erica og Annika) er svært kjipe og bitre (og like), og i det heile tatt at malen er så lik frå bok til bok. Av og til får ein kjensla av at ein har laga ein vinnar-mal av dei fyrste bøkene, og berre bytta ut tema og karakterar frå bok til bok.

Avslutninga – 8
Bra nivå på avslutninga, og Läckberg nøstar fint opp i lause trådar. Problema er lenger framme i boka.

TOTAL: 7,2

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: