RSS

Søren & Lotte Hammer – ENSOMME HJERTER

01 Okt

Konrad Simonsen får ei gammal sak, der ein postmann vart funnen død i sin eigen trappeoppgang. Det vart fastslått at det var ei ulykke, men det er grunnar til å stille spørsmålsteikn ved legen som skreiv dødsattesten.

Samstundes er det ei skyting på ein skule, som viser seg å ha ei slags tilknytning til postmannsaka. Ei jente som er involvert i skyteepisoda, dukkar opp på mobilen til postmannen.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei spennande dobbelthistorie, med røtter tilbake til 60-talet.

Karakterane – 9
Som i dei to førre bøkene, er karakterane her veldig gode. I denne boka dukkar blant anna ein spennande prest opp. I tillegg får me også eit djupdykk i historia til Konrad Simonsen.

Miljøskildring – 8
Fine skildringar av 60tals-Danmark.

Språket – 8
Enkelt og greit. Litt meir tomprat (i forhold til saka) her enn i dei to fyrste bøkene, det trekk litt ned.

Starten – 8
Ganske bra trøkk frå starten av. To saker skjer omtrent samstundes, så det er mykje action.

Sidesnuing – 8
Det er spennande stort sett heile vegen. Om ikkje handlinga er all verda heile vegen, så skriv forfattarane på ein slik måte at ein alltid vil vite litt meir. Så det er inga lett bok å legge frå seg.

Tempo – 8
Stort sett bra. Det er eit par duppar her og der, men det tåler me.

Forutsigbarheit – 7
Ikkje i same grad som tidlegare, men likevel spennande.

Den gode kjensla – 8
Ei god bok, for all del. Forfattarane skriv solid og truverdig, og sjølv om denne ikkje heilt held nivået til dei to fyrste, så er boka bra.

Avslutninga – 7
Litt skuffande. Den bygger opp til litt større forventingar enn den klarer å innfri.

TOTAL: 7,8

 

One response to “Søren & Lotte Hammer – ENSOMME HJERTER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: