RSS

Michael Connelly – BLODSPOR

13 Okt

Ikkje ei Bosch-bok denne gongen. Denne handlar om Terry McCaleb, ein førstidspensjonert FBI-mann, som har hatt hjerteproblem, og som akkurat er ute av sjukehuset etter å ha fått transplantert eit nytt hjerte.

Ein dag kjem ei kvinne til båten der han bur, og ber han om å etterforske drapet på søstera hennar, som vart skoten i eit kioskran. McCaleb har fått beskjed om å ta det med ro, og takkar difor nei. Men det er før han får vite at den drepne søstera er donoren han fekk hjertet sitt frå.

(1998)

Vurdering:

Plottet – 7
Terry McCaleb har fått hjertet til ei kvinner, og søstera hennar oppsøker han på båten hans, og vil ha han til å finne drapsmannen til søstera.

Karakterane – 8
Som i bøkene om Harry Bosch, så er karakterane tydelige, sterke og enkle å skjøne.

Miljøskildring – 8
San Pedro og Los Angeles. Hamnemiljø, skildra på ein levande måte.

Språket – 9
Enkelt og fint, som i bøkene om Bosch. Framdrift heile vegen, og lite utanomsnakk.

Starten – 8
Bra tempo frå starten av. Spenning frå McCaleb får besøk på båten for fyrste gong.

Sidesnuing – 9
Veldig bra heile vegen. Glimrande på slutten.

Tempo – 9
Bra frå starten av. Svært få kvileskjer.

Forutsigbarheit – 8
Veldig bra. Du har teoriar, men gjettar neppe kva som har skjedd før heilt mot slutten.

Den gode kjensla – 9
Ein av dei aller beste tinga med denne boka, er korleis Connelly skaper ei fantastisk spennande historie utfrå eit tilsynelatande vanlig og kjedelig utgangspunkt. Fråveret av blod, sjokk, vald og gørr er imponerande. Ei spennande og god bok frå start til mål.

Avslutninga – 9
Heilt i takt med resten av boka.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 13/10/2012 in connelly, fbi, los angeles, mccaleb, seriemordar, usa

 

2 responses to “Michael Connelly – BLODSPOR

  1. krimbloggeren

    14/10/2012 at 17:44

    Har lenge tenkt eg skal prøve med på Connelly, men har aldri kome meg så langt. Takk for god bokmelding som gjer at eg får lyst å bli kjent med denne forfattaren 🙂

     
    • mwn77

      14/10/2012 at 20:40

      Samme her. Var skeptisk i starten, fordi folk meinte det var kiosklitteratur. Men ein svensk kollega anbefalte det, og har ikkje angra på det. Det er ikkje mange som skriv så bra som dette.

       

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: