RSS

John Grisham – TILSTÅELSEN

04 Nov

Den siste boka til Grisham. Kom til å legge att alle dei uleste krimbøkene mine ved flytting, så fekk lånt denne. Ikkje akkurat krim, men ei god spenningsbok.

I den vesle byen Slone, i Texas, sit ein uskuldig mann på dødscella, og ventar på sin siste dag. I Kansas oppsøker den ekte drapsmannen ein prest, og tilstår. Presten trur på han, men korleis får ein resten av verda til å tru? Og rekk dei å få verda til å tru på dei i tide, før den uskuldige mannen vert drepen?

Sidan dette ikkje er ein krim, gir eg heller ikkje karakter på vanleg måte. Men kort oppsummert er boka veldig god, språket er veldig bra, sjølv om tempoet er litt lavare her enni ein krim. Her er det mykje karakterar som skal byggast opp, for å gjere spenninga størst muleg, og slikt tek tid. Men vel verdt å lese, likevel.

(2010)

 

 

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/11/2012 in advokat, grisham, prest, texas, usa

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: