RSS

Øystein Wiik – DØDELIG APPLAUS

09 Nov

Etter å ha lagt igjen alle nye krimbøker i Oslo, var det heldigvis posesalg på bokhandelen, og eg fekk ca 20 bøker for 300 kroner. Og 99% er sjølvsagt krim. Dette er den fyrste av dei:

Operasongar Øystein Wiik sin krim frå operamiljøet i Oslo og Wien.

Ein journalist vert innvolvert i saka rundt drapet på den kjende operasongaren James Medina. Frå å skulle skrive om songaren, står han plutselig sentralt i drapsgåta.

Ei spennande bok, med mykje og intrikat spenning. Forfattaren sit åpenbart på nærgåande kunnskap om Wien og operamiljøet i byen, og kunnskap er som kjent ikkje å forakte.

Kort sagt; ganske imponerande.

2010

Vurdering:

Plottet – 8
Ein tenor vert skoten i operaen i Bjørvika. Panikken i salen etterpå fører til brann, der fleire av tilskodarane døyr. Journalist Tom Hartmann som drøymer om å leve av sitt eige operablad, kjem mitt opp i situasjonen.

Karakterane – 8
Overraskande gode. Det er mange menneske me er innom her, og dei fleste av dei er spennande og relativt unike i denne sammenhengen.

Miljøskildring – 9
Veldig spennande og detaljert frå Wien og Austerrike.

Språket – 8
Lett og fint. Litt repeterande somme stader, men alt i alt veldig bra.

Starten – 7
Det går litt tid før me kjem i gong her.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned. Andre halvdel er veldig bra.

Tempo – 8
Bra tempo, stort sett heile vegen.

Forutsigbarheit – 7
Litt gjennomsiktig og uoriginalt, men stort sett ok.

Den gode kjensla – 7
Mykje bra, spennande, men litt i overkant somme stader, og Wiik smører litt tjukt på.

Avslutninga – 8
Bra nivå heile vegen ut.

TOTAL: 7,7

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/11/2012 tommar austerrike, journalist, norge, opera, wien

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: