RSS

Jørn Lier Horst – NØKKELVITNET

28 Nov

Den fyrste boka i serien om William Wisting. Truverdig og spennande krim, frå start til slutt.

Pensjonisten Preben Pramm (både nanm og sak kan minne om Ronald Ramm-saka) vert funnen drepen og mishandla. Han har ikkje vore rik eller velståande, så grunnen til mishandlinga og endevendinga av huset hans er ei gåte. Ikkje har han hatt nokon sosial omgongskrets å snakke om heller.

Ei spennande bok, som både virkar truverdig og detaljrik (sidan den er skriven av ein tidligare etterforskar) og samstundes er språket effektivt og tempoet høgt.

(2004)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein pensjonist og fugleentusiast vert funnen drepen i sitt eige hus. Han er kraftig mishandla og heile huset er endevendt.

Karakterane – 8
Gode og noken lunde naturlege. Ingen av dei ei pålagde nokon skavankar, som ein ofte gjer med krimheltar. Det er små detaljar som karakteriserar kvar av dei, i staden for store særpreg. Dei som ikkje er så sentrale i historia, får me heller ikkje for mykje info om.

Miljøskildring – 8
Her er det lett å leve seg inn i miljøet i Stavern og områda rundt.

Språket – 8
Raskt, godt og enkelt. Bra driv, og det vesle av utanominformasjon som måtte vere, glir ubemerka inn.

Starten – 7
Det er litt rolig i starten, men spennande.

Sidesnuing – 8
Spenning heile vegen. Alltid noko som er i ferd med å verte avslørt, og alltid noko å undre seg over.

Tempo – 8
Som nevnt, bra driv heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Her er det mykje åpning for å gjette, men vanskelig å gjette rett, og ingenting er bedre enn det.

Den gode kjensla – 8
Ei god og spennande bok, som er lettlest, samstundes som den kjennes grundig og nokon lunde omfattande.

Avslutninga – 8
Lier Horst held spenninga og køyret oppe heilt til slutt.

TOTAL: 7,8

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 28/11/2012 in lier horst, norge, politi, stavern

 

One response to “Jørn Lier Horst – NØKKELVITNET

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: