RSS

Michael Connelly – MANNEN I BAGASJEROMMET

27 Des

mannenibagasjerommet

Nok ei fantastisk krimbok frå Michael Connelly. Denne boka kom ut så langt tilbake som i 1997, men går likevel dagens utgivelsar ein høg gong. Det er ikkje mykje som er datert i disse bøkene.

Ein mann vert funnen drepen i bagasjerommet på ein Rolls Royce, i bakkane over Los Angeles. Harry Bosch får saka, som raskt fører han til Las Vegas, og livets dystrare sider.

Spennande frå start til slutt, men det mest imponerande er mangelen på sjokkerande hendingar og plott, som me gjerne ser i nyare krimbøker. Sjølve plottet her er så trivielt og «vanleg», og likevel får Connelly boka til å virke meir spennande enn det meste anna du kjem til å lese.

(1997)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert funnen død i bagasjerommet på sin eigen Rolls Royce, i bakkane ved Mulholland Drive. Det viser seg at han nettopp har landa i LA, og har vore på veg heim, frå flyplassen.

Karakterane – 9
Solide, gode, varierte, sterke. Alt ein kan ønske seg, nesten.

Miljøskildring – 8
Like stemningsfullt om LA, som det er grellt og treffande om Las Vegas.

Språket – 10
Kjapt, fint og lett.

Starten – 9
Her er det intensitet frå starten av.

Sidesnuing – 9
Du skal ikkje mange sider ut i boka, før den vert vanskelig å legge frå seg.

Tempo – 8
Også veldig bra. Sjølv om det er mykje forhistorie og personhistorier undervegs, så glir det kjapt og greit framover.

Forutsigbarheit – 8
Fine tvistar og vendingar. Kanskje kan ein koke ned til to kandidatar litt for tidleg, men spenninga held seg likevel.

Den gode kjensla – 9
Bunnsolid og bra. Verkeleg ei av dei aller beste bøkene i 2012.

Avslutninga – 9
Held nivået til resten av boka. Ingen lause trådar.

TOTAL: 8,7

Advertisements
 
 

One response to “Michael Connelly – MANNEN I BAGASJEROMMET

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: