RSS

Ann Rosman – SJELEKISTEN

16 Jan

sjelekistenDen andre boka til Rosman, om politikvinna Karin Adler.

Eit haudelaust lik vert funne på ein gammal offerplass, medan det foregår  eit laiv-arrangement i nærheita, der folk er utkledde som gamle riddarar og anna.

Den fyrste boka var imponerande, med sin direkte og kjappe stil, og knapt eit kjedelig augneblunk. Derfor var forventningane til denne ganske høge. Men dessverre var denne langt meir ordinær.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Ikkje verdas mest spennande historie eller bakteppe.

Karakterane – 7
Karakterane er midt på treet. Ikkje den typen karakterar du huskar etter å ha lest eit par andre bøker.

Miljøskildring – 7
Igjen, midt på treet. Det minner jo veldig om Läckberg sitt univers, og kjennes ikkje unikt ut på nokon måte.

Språket – 8
Rosman si forrige bok vart løfta av ein effektiv forteljarstil, men denne er ikkje lenger merkbar i denne boka. Men språket er likevel bra og lettlest.

Starten – 7
Det er ikkje kjempespennande i starten, men heilt greit. Litt seigt.

Sidesnuing – 7
Ikkje så mykje å skryte av. Du vert aldri heilt sugd inn i noke spennande.

Tempo – 8
Ganske bra. Det er få dødpunkt og historia driv framover heile vegen.

Forutsigbarheit – 6
Dessverre ser ein altfor tidleg korleis denne historia kjem til å ende.

Den gode kjensla – 7
Alt i alt er dette ein heilt grei krim. Den er ikkje dårlig på nokon måte, men den skiller seg heller ikkje positivt ut frå mengda. Litt kjedelig.

Avslutninga – 7
Litt skuffande ettersom me veit kva og kven allereie.

TOTAL: 7,1

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/01/2013 in heks, marstrand, politi, rosman, sverige

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: