RSS

Yrsa Sigurdardottir – DØDSSKIPET

28 Jan

dødsslipetEg har sjeldan gleda meg meir til ei bok, enn denne. Etter to middels bøker i starten av året, og ei fantastisk forrige bok (Jeg vet hvem du er) så var forventingane høge til denne.

Og den skuffar ikkje. Sånn cirka eit døgn tok det å lese dei 415 sidene, og sjølv om boka ikkje er like skummel som den forrige, så er den mørk, spennande og ubehagelig på mange måtar.

Ein luksusyacht kjem inn til kai i Reykjavik, og køyrer rett i ein molo. Det viser seg at det ikkje er nokon om bord i båten, sjølv om det var 7 personar ombord når den forlot Lisboa ei veke tidlegare. Blant dei, Ægir, kona hans Lara, og tvillingdøtrene deira. Den yngste dottera er heime på Island med foreldra til Ægir. Dei hyrer inn advokaten Tora for å finne ut som sonen framleis kan vere i live.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 9
Ei moderne Mary Celeste-historie. Spennande, mørk, trist og kanskje litt skummel.

Karakterane – 8
Fine og varierte. Ein bra gjeng.

Miljøskildring – 9
God skildring både av båten og av hamneområdet der båten vert liggande.

Språket – 9
Lettlest og fint. Bra driv.

Starten – 8
Spennande frå starten av. Ein veit kva som kjem til og skje, og sit berre å ventar på hint om kvifor det kjem til å skje.

Sidesnuing – 9
Den eine cliffhangeren etter den andre. Ei bok som er veldig vanskelig å legge frå seg.

Tempo – 9
Bra driv og enkelt og greit språk.

Forutsigbarheit – 8
Yrsa held oss på kanten av stolen heile vegen. Vanskelig å forustjå kva som skjer på neste side.

Den gode kjensla – 9
Glimrande. Ei kanonbok, nok ein gong, sjølv om den ikkje er like skummel som den forrige.

Avslutninga – 9
Berre få sider før slutten, anar du ikkje om forfattaren klarer å nøste i hop alle trådane, men jammen gjer ho det ikkje denne gongen også. Kanskje hakket bedre enn sist.

TOTAL: 8,7

 

 

3 responses to “Yrsa Sigurdardottir – DØDSSKIPET

  1. Tone

    30/01/2013 at 03:42

    Oi, oi, oi, gjett om jeg gleder meg til å ta fatt på boka nå etter å ha lest anmeldelsen din! Jeg vet hvem du er ble slukt med hud og hår og grøss nedover ryggen da jeg leste den (ja, det går an å gjøre seg selv mørkredd som 26-åring også fant jeg ut, haha), og nå er forventningene høye!

     
  2. mwn77

    31/01/2013 at 21:06

    Ja, denne var som sagt ikkje like skummel, men samstundes både spennande og ubehagelig. Og veldig vanskelig å legge frå seg

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: