RSS

Tor Edvin Dahl – HODET VED DØRA

07 Feb

hodetveddøraNorsk krim frå 2010, og ei av dei mange bøkene som stammar frå det store salget i haust.

Ein ung forfattar reiser til Finnmark på 70-talet, for å skrive bok om samane. Under oppholdet, vert ein mann drept, og hovudet hans vert lagt utan for døra til forfattaren.

Saka vert løyst, og ein mann vert arrestert, men tjue år seinare, dukkar saka opp igjen, denne gongen i Oslo.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein forfattar frå Oslo kjem midt opp i eit miljø som virkar gjennomsyra av hemmeligheiter og ting ingen vil snakke om. Så vert ein mann drepen, og hovudet vert plassert utanfor døra til forfattaren.

Karakterane – 7
Spennande og hemmeligheitsfulle. Mange av folka som forfattaren intervjuar i Tana er ganske like, men likevel har dei særpreg.

Miljøskildring – 9
Veldig bra, spesielt den delen som er i Finnmark på 70-talet.

Språket – 8
Ganske bra. Ikkje så mykje utanomsnakk, og forholdsvis bra glid.

Starten – 7
Ein heilt ok start. Litt introdusering, litt spenning og relativt bra tempo.

Sidesnuing – 7
Det kunne nok vore meir spenning her, sjølv om ein vert nysgjerrig på kva som kjem rundt neste sving.

Tempo – 8
Ganske bra. Det er som nevnt ikkje så mykje utanomsnakk, så det flyt ganske bra.

Forutsigbarheit – 6
Passe vanskelig å gjette kva som har skjedd, men samstundes er det noko med historieoppbygginga som ikkje inviterer til så mykje spekulasjon.

Den gode kjensla – 7
På mange måtar ein positiv overraskelse, men samstundes så ber den litt lite preg av krim. Men forteljareigenskapane til Dahl er det lite å seie på.

Avslutninga – 7
Heilt grei. Mange mulige løysingar mot slutten.

TOTAL: 7,3

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: