Ny bok frå den islandske mesteren.
Denne gongen er det ikkje Erlendur det handlar om, men sjefen hans, Marion Briem, og me er tilbake på 70-talet.
Året er 1972, og det er sjakk-VM i Reykjavik. Boris Spasski og Bobby Fischer kjempar om tittelen, det er aust mot vest, Sovjet mot USA. Og i skuggen av denne store hendinga, vert ein ung kinoentusiast stokken i hjel på ei kinoforestilling i Reykjavik. Og Marion Briem er mannen som skal løyse saka.
(2011)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein ung gut vert stukken ned og drepen under ei kinoframsyning i Reykjavik. Det var svært få betalande i salen, men ingen har sett eller høyrt noko.
Karakterane – 8
Erlendur er ute, og Marion Briem minner mykje om Erlendur, men han er ikkje heilt der. Assistenten Albert er ikkje heilt Sigurdar Oli heller, og det er inga Elinborg her. Men heilt ok, altså.
Miljøskildring – 9
Reykjavik på 70-talet. Ikkje så veldig ulikt det Reykjavik som vert skildra i Erlendurbøkene. Stemningsfullt og grått.
Språket – 9
Som vanleg med Indridason, så er språket sikkert og enkelt.
Starten – 8
Ein spennande start, der ein står tilsynelatande utan spor.
Sidesnuing – 8
Spennande heile vegen. Ein liten skuffelse er det underveis, då teoriane vert litt for utrulege, og ingen stiller spørsmålsteikn ved dei.
Tempo – 8
Ganske bra. Ein del tid går med til ei bihistorie frå Briems barndom, som ikkje er heilt naudsam for historia.
Forutsigbarheit – 8
Relativt rett fram historie, der ein kjapt kjem fram til kva som har skjedd, men ikkje nødvendigvis kven som har gjort kva.
Den gode kjensla – 7
Ein liten nedtur frå dei andre Indridasonbøkene dessverre. Persongalleriet er for så vidt greit, men det er noko som skjer med historia halvvegs, der ein står heilt utan spor, før løysingane kjem litt for lettvint.
Avslutninga – 8
Ei spennande avslutning, med ein liten tvist.
TOTAL: 8,1
One response to “Arnaldur Indridason – TVEKAMPEN”