RSS

Anny Koksæther – DØD I HVER DRÅPE

10 Mai

dødihverdrpeEin krim frå apotekarmiljøet i Oslo. Spennande med norsk krim frå andre miljø, men denne er nok meir spennande for folk som jobbar på apotek, enn for oss andre.

Truls Jensen prøver å presse apotekaren Herman Sæter for pengar, men vert funnen drepen i si eiga leiligheit. Fleire av dei ansatte på apoteket, deriblant boka sin hovudperson Katarina Grimstad, veit om utpressinga, og kjenner til Jensen.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein mann som får utlevert feil medisin på apoteket, truar med å rapportere det, og får dermed pressa apotekaren for pengar. Seinare vert mannen drepen.

Karakterane – 7
Ikkje veldig spennande. Dette er ei debutbok, og forfattaren går også i den klassiske fella med å bygge opp karaktertrekk på ein altfor rask og oppramsande måte.

Miljøskildring – 7
Forfattaren er på innsida av apotekmiljøet, og skildrer dette godt. Utover det er det ikkje så mykje ein bit seg merke i, av miljøskildring.

Språket – 7
Litt tungt, og litt for mykje prat utanom sjølve saka, gir veldig lite framdrift.

Starten – 6
Sein og veldig lang start. Det skjer ikkje noko før ein har kome gjennom nesten halve boka.

Sidesnuing – 7
Ikkje all verda. Ein vert aldri heilt reven med i forteljinga her.

Tempo – 7
Som nemnt over, så er tempoet altfor lavt, og framdrifta så og seie fråverande.

Forutsigbarheit – 7
Det er få mistenkte, det vert klart veldig tidlig, og det kjem heller ingen nye fjes til i historia.

Den gode kjensla – 6
Det er ingenting som skjer. Langdrygt, innhaldsfattig og for treigt, er vel mest beskrivande.

Avslutninga – 7
På same nivå som resten av boka.

TOTAL: 6,8

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/05/2013 in apotek, gift, koksæther, norge, oslo, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: