Catherine Sheridan vert funna drept i Washington. Robert Miller etterforskar drapet, og finn fort ut at det minner veldig om tidlegare voldsomme drap av kvinner som er begått i same området. Media får tak i historia og gir seriemordaren namnet Sløyfemordaren, fordi alle offera har ein bagasjelapp knytt på seg når dei vert funne.
Etterforskarane slit med å finne ut noko om offera, for ingen av dei ser ut til å hverken familie eller vennar.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei kvinne vert drepen, og alt tydar på at det er ein seriemordar som herjar. Men politiet finn ingen samenheng mellom ofra, og det er også svært vanskelig å finne ut noko som helst om dei.
Karakterane – 7
Utmerkar seg ikkje spesielt. Robert Miller, hovudpersonen, er gløymt i det du byrjar på ei ny bok.
Miljøskildring – 7
Washington. Ikkje så mykje fokus på miljøet.
Språket – 7
Heilt greit. Det er litt trått til tider, og det skjer veldig lite. Dette har jo mykje med å gjere at det er vanskelig å finne ut ting om desse kvinnene, men likevel så er det litt for seigt.
Starten – 7
Kanskje den beste delen av boka, men litt treig likevel.
Sidesnuing – 6
Det er svært sjelden at du føler at du må lese ei side til i denne boka.
Tempo – 7
Tempoet er under middels, både i saka og i språket.
Forutsigbarheit – 7
I starten er det ganske åpent, men ei parallellhistorie gjer at ein ganske tidleg skjønar kva som har skjedd.
Den gode kjensla – 7
Ei bok på det jamne. Ikkje særleg minneverdig, så denne kan du trygt styre unna, om du ikkje er spesielt interessert i Ellory. Eigentlig skuffande, for Kalendermordene var ganske bra.
Avslutninga – 6
Uspennande.
TOTAL: 6,8