Ein gravande journalist vert drept under eit opphald på ein kirurgisk privatklinikk.
Det begrensa antallet med ansatte har alle gode motiv til å ta livet av henne, men etterforskar Adam Dalgliesh kan heller ikkje utelukke at nokon har kome seg inn på herregården utanfrå.
Eit slags semi-lukka-rom-mysterium.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 7
Journalisten Rhoda Gradwyn legg seg inn på ein eksklusiv privatklinikk for å få fjerna eit arr. Men når ho forlet klinikken, er det i ein likbil.
Karakterane – 7
Adam Dalgliesh er ein solid karakter, og har med seg ein greitt samansett gjeng her.
Miljøskildring – 7
Godslivet i England. Ein klassikar som ikkje vert tilført så mykje nytt her.
Språket – 6
Det er tungt og går veldig sakte. Stilen er litt for gammaldags dessverre.
Starten – 6
Kjedelig start. Altfor mykje presentasjon av karakterar, spesielt rundt offeret, og svært lite spennande. Karaktersetting kan gjerast mykje enklare og meir elegant enn dette.
Sidesnuing – 7
Når me er i gong, så er det heilt ok, spenningsmessig.
Tempo – 7
PD James er 92 år (87 når ho skreiv denne) og ei legende i krimsjangeren, men bøkene hennar vert veldig omstendelige i samanlikning med dagens krimbøker. Det går for sakte, og det er for mykje ord som ikkje har noko med saka å gjere.
Forutsigbarheit – 8
Det er mange gode kandidatar til ugjerninga, og spenninga held seg ganske langt ut i boka. Kunne kanskje gått litt lenger før me klarte å gjette det.
Den gode kjensla – 7
Stemningsmessig er det i den gode, gamle britiske krimstilen, men språket er for tungt, tempoet for lavt, og det er for lite spennande, rett og slett.
Avslutninga – 7
Heilt på det jamne.
TOTAL: 6,9