Kajsa Berg, handballspelar på Larvik og landslaget, forsvinn sporlaust på veg til trening. Medan leiteaksjonane pågår, vert ein død person funnen i skogen etter ein skogbrann. Vedkomande er lenka fast til eit tre.
Jørn Lier Horst er virkeleg i ferd med å etablere seg som ein av dei aller fremste norske krimforfattarane.
(2007)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei ung og landskjent jente forsvinn, og det fins få spor etter henne. Så finn politiet ein død person, fastlenka til eit utbrent tre i skogen. Vert litt overfladisk til tider, og ein kunne gjerne tenkt seg at forfattaren gjekk litt meir i djubda somme gonger.
Karakterane – 8
William Wisting, Torunn Borg og Nils Hammer er solide karakterar. I tillegg er Lier Horst veldig god på «vanlige folk» som dukkar opp i bøkene.
Miljøskildring – 8
Som vanlig ei fin skildring av småbynorge.
Språket – 9
Enkelt, bra og effektivt. Ei glede å lese.
Starten – 9
Spennande heilt frå dei fyrste sidene.
Sidesnuing – 9
Det er stort sett spennande heile vegen.
Tempo – 9
Tempoet er bra og handlinga driv framover heile vegen.
Forutsigbarheit – 8
Lier Horst er flink til å skape mange mulige mistenkte, og ein sit stadig vekk med eit heilt knippe mulige syndarar.
Den gode kjensla – 7
Minuset med boka er at ting fell litt for lett på plass denne gongen, og ein får ei kjensle av at politiet trekk veldig raske beslutningar somme tider. Blant anna når dei umiddelbart fastset identiteten til personen som vert funnen i skogen, uten at me sjølv har andre indisiar enn rein tipping på kven det er.
Avslutninga – 8
Like bra som resten av boka. Spennande til siste side, og Lier Horst sparkar like i godt spenninga til neste bok også.
TOTAL: 8,2