RSS

Gillian Flynn – FLINK PIKE

21 Jul

flinkpikeEi bok som var anbefalt varmt både her og der, og hausa opp med at den har ligge i vekesvis på dei amerikanske bestselgarlistene. Og det er kanskje ein god roman om skjebnene til to personar, men å kalle dette ein krim, er å strekke begrepet særs langt, i alle fall i mine auge.

Kona til Nick Dunne, Amy, forsvinn sporlaust, og mange ting tyder på at ho er drept. Og stadig meir peikar i retning ektemannen som gjerningsmann. Bevis som han ikkje kan forklare.

PS: Denne vart høyrt som lydbok.

PPS: Sjekka i dag, og då ligg denne boka framleis på NY Times si bestselgarliste, for 59 veka.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei kvinne forsvinn frå heimstaden sin i Missouri. Stova der ho forsvann på tyder på kamp, og det er restar av blod ellers i huset. Ektemannen vert hovudmistenkt.

Karakterane – 8
Gode karakterar, som me har veldig god tid til å verte kjende med.

Miljøskildring – 8
Rikmanns-New York og landsbygda i Missouri. Veldig stemningsfullt skildra.

Språket – 7
Enkelt og greit, for så vidt, men så er det all småpraten innimellom då. Altfor mykje vendingar og utflukter.

Starten – 8
Starten er kanskje den beste delen av boka. Her lever spenninga, og me ser for oss kva som kan skje.

Sidesnuing – 6
Svært dårlig, sett med krimauger. Det skjer lite og ingenting i stort sett heile boka, og berre på svært få stader MÅ du lese ei side til, for å finne ut kva som skjer.

Tempo – 6
Dovent og treigt. Ikkje krimtempo.

Forutsigbarheit – 7
Du gjettar ganske greit kva som har skjedd i forhold til krimen.

Den gode kjensla – 6
Ganske fråverande. Sikkert ei fin bok for dei som likar romanar med lange omtalar av personligheitstrekk og familiehistorie, men for ein som likar ein god krim er denne boka slett ikkje verdt å lese. Store delar av boka er rett og slett kjedelig.

Avslutninga – 5
Svært lite tilfredsstillande.

TOTAL: 6,9

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 21/07/2013 in flynn, forsvinning, missouri, politi, usa

 

One response to “Gillian Flynn – FLINK PIKE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: