RSS

Lee Child – DET ØYET IKKE SER

23 Jul

detoyetikkeserJack Reacher vert vitne til at ei kvinne tek livet av seg i ei t-banevogn under New York. Etterpå vert Reacher oppsøkt av fleire som lurer på om kvinna har sagt noko til han, før ho tok livet av seg.

Politiet meiner det ikkje er meir å etterforske, men Reacher vil finne ut kvifor.

Den trettande boka om Jack Reacher, er ein actionprega og tettpaka krim, som kan minne litt om Jo Nesbø i stilen.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei kvinne skyt seg sjølv på t-bana, rett framfor augene til Jack Reacher, som prøver å snakke henne frå det. Seinare dukkar det opp agentar som vil vite om Reacher har fått eller vorte fortalt noko, av kvinna.

Karakterane – 8
Reacher er solid, det same er eit par av dei andre sentrale karakterane, spesielt dei to kvinnene, Theresa Lee og Lila Hoth.

Miljøskildring – 8
New York skildra frå fortauet. Gode skildringar av omgivelsane.

Språket – 9
Lettlest og temposterkt.

Starten – 9
Her er det rett på, som i ein actionfilm.

Sidesnuing – 8
Ganske spennande stort sett heile vegen.

Tempo – 10
Fart og spenning heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Ganske bra. Du ser konturane av historia tidleg, men det er mykje vendingar og spennande tvistar.

Den gode kjensla – 8
Ei god bok, men meir ein actionthriller enn ein krim, kanskje. Men spenning og tempo heile vegen.

Avslutninga – 8
Det vert mykje vald og skyting mot slutten, i forhold til resten av boka (igjen som i ein actionfilm), men spenninga held seg nesten heile vegen ut.

TOTAL: 8,3

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: