RSS

Jo Nesbø – POLITI

27 Jul

politiSommarens store snakkis, der Harry Hole gjenoppstår frå dei døde.

Ein drapsmann er i ferd med å ta livet av politifolk på åstaden til saker dei sjølv tidlegare har jobba på. Harry Hole svevde mellom liv og død i slutten av forrige bok, og kollegaene må klare seg utan han i denne saka. Men sjølvsagt skjer det noko som gjer at han kjem tilbake.

Sikkert ei av dei 15-20 beste krimbøkene eg har lest, men langt frå den beste Nesbøboka.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 9
Politifolk vert funne drepne på åstaden til uoppklara mord som dei sjølv har jobba på.

Karakterane – 9
Solide som alltid. Dei fleste av dei kjenner me frå før, men også dei nye er truverdige og gode.

Miljøskildring – 8
Oslo slik alle som bur der tenker at det er. Vert bedre og bedre for kvar bok.

Språket – 10
Ikkje noko å utsetje på det.

Starten – 9
Spenning frå starten.

Sidesnuing – 10
Ei bok som er så og seie umulig å legge frå seg.

Tempo – 9
Bra driv gjennom heile boka.

Forutsigbarheit – 8
Tvistar og vendingar som ingen annen kan det. Kanskje litt i overkant mot slutten.

Den gode kjensla – 9
Spennande, velskreven, lag på lag, og truverdig. Ei bok du absolutt burde lese.

Avslutninga – 8
Dei fleste trådane vert nøsta opp i, men eit par vert irriterande nok hengande i lufta, som oppspark til den neste boka.

TOTAL: 8,9

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 27/07/2013 in harry hole, hevn, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

2 responses to “Jo Nesbø – POLITI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: