Den fyrste boka om Hercule Poirot.
Hastings inviterer Poirot til eit gods, der husfrua, Mrs Inglethorpe, vert funnen død, sannsynlegvis forgifta.
Den svært mislikte, yngre mannen hennar, er den fyrste som vert mistenkt, men Poirot meiner det er meir til saka enn det heilt åpenbare.
(1920)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei kvinneleg godseigar vert funnen drepen på soverommet sitt, av ei dose stryknin. Den nye mannen hennar er hovudmistenkt, sjølv om det er mange andre som kan tenkast å ha motiv.
Karakterane – 8
Poirot, Hastings og Japp vert alle introduserte her. Poirot vert faktisk omtala som ein belgisk playboy, tidleg i boka. Ikkje akkurat sann me kjenner han i dag. Men gode og spennande karakterar.
Miljøskildring – 8
Gods- og landsbyliv i England. Klassisk Christie.
Språket – 7
Dette er ei 97 år gammal bok, men likevel er språket ganske bra. Oversetjinga kom sjølvsagt noko nyligare, men likevel. Bra til å vere 100 år gammalt.
Starten – 7
Det er som vanleg mykje etablering, og ikkje så veldig rett på sak i Poirotbøkene.
Sidesnuing – 7
Ikkje akkurat ein pageturner i dagens målestokk, men likevel mange spennande strekk.
Tempo – 7
Tempoet er så som så. Det er framdrift, og frå Poirot har kome i farta, går det ganske radig.
Forutsigbarheit – 7
Som alltid med Poirot; mange potensielle skuldige, mange som vert sjekka ut og inn av saka.
Den gode kjensla – 8
Ein klassisk, gammal britisk krim. Stemningsfullt, om ikkje så kjapt og spennande som me er vande med i dag.
Avslutninga – 8
Spennande og overraskande.
TOTAL: 7,4
2 responses to “Agatha Christie – STYLESMYSTERIET”