RSS

Michael Connelly – ANGELS FLIGHT

07 Aug

angels flightTo personar vert funne skotne i kabeltaubana Angles Flight, midt i Los Angeles. Den eine av dei er den karismatiske og upopulære advokaten Howarrd Elias. Han kjempar for dei svarte sine rettigheiter, og imot politiet, men av mange vert han sett meir på som ein oppviglar, og umiddelbart vert det frykta at ein politimann har teke livet han.

Berre få dagar seinare startar nemlig ei stor sak der Elias har gått til sak mot politiet for politivold og bevisplanting i ei barnedrapsak. Los Angeles er igjen på kanten av raseopptøyer.

Naturligvis vil ingen politifolk ta i denne saka, og den ender på Harry Bosch sitt bord. Saman med Edgar og Kizmin, skal han løyse den tilsynelatande umulige saka, og det vert ikkje bedre av at han må samarbeide med John Chastain, ein politimann han har vore i strupa på fleire gonger tidligare.

I ei smørje av politivold, skuldingar frå alle kantar, korrupsjonn, eit gammalt drap og familieproblem, kryp Bosch og teamet sakte med sikkert mot ei løysing.

(1999)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein kjend advokat som kjemper mot politiet og gjer seg upopulær ved å spele rasekortet ved ei kvar anledning, vert funnen skoten i ei kabeltogvogn.

Karakterane – 9
Gode og mange av dei er velkjende frå tidlegare bøker. Ei god blanding av skurkar og heltar, med eit slør av usikkerheit som gjer at ein aldri veit heilt kven som er kven.

Miljøskildring – 8
Los Angeles rundt taubana og politistasjonen. Som vanleg livaktig gjengitt.

Språket – 9
Ikkje mykje å utsetje her. Enkelt og med godt driv.

Starten – 7
Litt mykje etablering av blant andre Howard Elias og litt lenge før me kjem heilt i gong, men det tek seg veldig fort opp.

Sidesnuing – 9
Når me er i gong, så les du ut denne boka på nokre timar.

Tempo – 8
Bra heile vegen, etter at me har kome over ein litt seig start.

Forutsigbarheit – 10
Her er Connelly ein meister. Det er mange mistenkte, og det er, som nemnt over, umulig å vite kven som er ærleg og kven som er korrupt. Her er det spenning til lenge etter du trur det er over.

Den gode kjensla – 8
Har det meste ein god moderne krim skal ha.

Avslutninga – 10
Forrykande avslutning. «Tidenes mest sjokkerende» står det på omslaget. Kanskje ikke den mest sjokkerande, men spennande, overraskande og ganske rå slutt.

TOTAL: 8,6

 
Éin kommentar

Posta av den 07/08/2013 tommar bosch, connelly, los angeles, politi, usa

 

One response to “Michael Connelly – ANGELS FLIGHT

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: