RSS

Hjorth & Rosenfeldt – FJELLGRAVEN

11 Aug

fjellgravenSeks skjelett vert funne i ei grav langt inne på fjellet i Jämtland. To av dei vert identifisert raskt, men dei fire andre, to vaksne og to barn, let seg ikkje identifisere.

Teamet til Sebastian Bergmann får den umulige oppgava.

Boka har to parallelle historiere, noko som alltid er vanskelig, fordi begge historiene bør vere omtrent like spennande. Det er dei ikkje her.

På omslaget står det at boka utmerker seg i havet av krimromanar. Spørs om det er snarare tvert om…

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Seks uidentifiserte lik vert funne i ei fjellgrav i Jämtland. Fire av dei er svært vanskelig å identifisere.

Karakterane – 8
Mange fine karakterar. Sebastian Bergmann har kanskje mange sett på TV, i filmatiseringa av dei to fyrste bøkene i serien. (Spelt av Rolf Lassgård). Fin kjemi mellom karakterane også, med beundring, misunnelse og håplaus forelsking som bind dei saman.

Miljøskildring – 8
Dei nordsvenske skogane og Stockholm by. Fint og stemningsfullt skildra.

Språket – 8
Lettlest og forholdsvis enkelt og greit. Litt irriterande er det når lesaren veit meir enn etterforskarane. Forfattarane er TV-folk (Rosenfeldt var blant anna med og skreiv Broen) og mistenker at dette er eit grep som passar bedre på TV enn i bokform.

Starten – 8
Spennande opning, som lovar godt.

Sidesnuing – 7
Eit vanskelig punkt. Som nemnt er dette ei bok med to parallelle historier. Den eine, hovudhistoria, er veldig spennande. Men bihistoria, som får ein del plass, er svært kjedelig nesten heile vegen. Kvar gong det bygger seg opp til ein spennande cliffhanger, så kjem historie nr 2, og dreg ned både spenning og stemning.

Tempo – 7
Som i punktet over. Bra i eine halvdelen, ikkje bra i den andre.

Forutsigbarheit – 8
Ganske bra. Det tek ei stund før du får mistanke om løysinga, men når du fyrst får nokre hint, så løyser saka seg ganske fort.

Den gode kjensla – 8
Litt ambivalent her også, for den eine historia er veldig spennande, mens den andre er uinteressant i 80% av boka. Men boka er solid, og ein får inntrykk av at det er gjort grundig med bakgrunnsarbeid.

Avslutninga – 8
Ei ganske god avslutning, men kunne kanskje vore litt meir spennande?

TOTAL: 7,8

 
 

One response to “Hjorth & Rosenfeldt – FJELLGRAVEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: