RSS

Agatha Christie – DOKTOREN MISTER EN PASIENT

30 Aug

doktorenmisterDenne boka har fleire gonger vorte kåra til verdas beste krimbok, og vart i 1990 kåra til tidenes femte beste krimbok, av britiske Crime Writer´s Association.

Rikmannen Roger Ackroyd vert drepen på sitt eige kontor, på godset Fernly, berre kort tid etter at enka Mrs. Ferrars tek sitt eige liv. Begge er pasientar til doktor Sheppard, som er den som fortel historia i denne boka, i staden for kaptein Hastings.

Den nye naboen til doktor Sheppard, er den nyinnflytta detektiven, Hercule Poirot, som sjølvsagt vert tilkalla av Ackroyd si dotter, Flora. Ho er forlova med den forsvunne Ralph Paton, som siglar opp som hovudmistenkt.

Og sjølvsagt bruker Poirot dei små grå, og ser tinga som ingen annen ser.

(1926)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein rik godseigar vert drepen, og dei fleste i hushaldninga har eit motiv. Poirot byrjar å nøste saman, uten å by lesaren på særleg med hint.

Karakterane – 7
Nytt bekjentskap i doktor Sheppard, men Poirot er kjend frå tidlegare. Korkje Japp eller Hastings er med i denne. Greie karakterar, klassisk Poirot. Skil seg kanskje ikkje så mykje frå Stylesmysteriet.

Miljøskildring – 7
Landsbyliv i fiktive Kings Abbot. Heilt ok.

Språket – 7
Som venta litt tråare enn dagens krimbøker. Men bedre enn i mange av dei andre Christiebøkene som kjem seinare.

Starten – 7
Ikkje noko fyrverkeri, men ein set tonen for det som skal kome.

Sidesnuing – 7
Igjen, midt på treet. Det går sakte, og det er ikkje slik at du ikkje kan legge denne boka frå deg.

Tempo – 7
Akkurat passe Poirot-tempo.

Forutsigbarheit – 8
Alle kan ha gjort det, og på eit eller anna tidspunkt er dei fleste innom rolla som hovudmistenkt. Men fine tvistar.

Den gode kjensla – 8
Ein god klassikar, som ein godt kan skjøne har vore ein bauta innen krimsjangeren. Litt falma i forhold til dagens beste bøker, men det aldrar med stil.

Avslutninga – 9
Bra. Den beste delen av boka, utan tvil.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 
 

3 responses to “Agatha Christie – DOKTOREN MISTER EN PASIENT

  1. Joyce

    27/12/2014 at 20:06

    Dad and I are currently renaidg The Mysterious Affair at Styles. It, too, is an Hercule Poirot mystery. We are enjoying it very much. I think you would like it, too.

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: