RSS

Harlan Coben – VÆR HOS MEG

04 Sep

verhosmegDenne boka er omtalt som «kanskje den beste» frå Harlan Coben. Ganske store forventingar, med andre ord.

Ein person forsvinn i Atlantic City, og etterforskaren Jack Broome finn mange likheiter med eit drap han jobba med 17 år tidlegare. Fotografen Ray er alkoholisert, og har vore ute å køyre i dei same 17 åra. Fotballmammaen Megan vert innhenta av fortida si. Ei fortid som slutta for 17 år sidan.

Av ulike årsaker møtes dei tre no igjen i Atlantic City.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 7
Eit drap minner veldig om eit 17 år gammalt drap, som etterforskaren Jack Broome jobba med.

Karakterane – 8
Tre spennande karakterar, i fotografen Ray, forstadsmammaen Megan og politimannen Jack.

Miljøskildring – 7
Bra skildring av skogen der ugjerningane vert gjort, og av Syndens by, Atlantic City.

Språket – 7
Ganske bra. Litt trått til å vere Harlan Coben, men så skriv han som regel bedre enn dei fleste.

Starten – 8
Ein fin og spennande start som bygger forventingar.

Sidesnuing – 7
Opp og ned. Spennande somme stader, ikkje så mykje andre.

Tempo – 7
Ingen heseblesande affære akkurat, men det går ikkje altfor treigt heller.

Forutsigbarheit – 8
Overraskande og fint. Her er han flink, den godast Coben. Du trur du ser løysinga kome mange gonger, men så vert ein teken på senga likevel.

Den gode kjensla – 7
Ei litt skuffande bok i forhold til alle dei positive omtalane. Ikkje dårleg, men for ei bok som vert omtalt som den beste Harlan Coben har skrive, så må det vere lov å forvente seg litt meir.

Avslutninga – 8
Fin og spennande avslutning.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: