RSS

Robert Galbraith – THE CUCKOO´S CALLING

14 Okt

cuckoos callingDen siste boka til Harry Potter-forfattaren JK Rowling, under pseudonymet Robert Galbraith. Forfattaren hadde nok eit håp om at dette kunne haldast hemmelig, men det vart avslørt i god tid før boka kom ut.

Helten i boka er privatdetektiven Cormoran Strike, ein tidlegare soldat som har måtte amputere eine foten. John Bristow er adoptivbroren til toppmodellen Lula Landry, som nyleg tok sitt eige liv ved å hoppe frå balkongen sin. Bristow er ein av få som meiner ho har vorte drept, sjølv om politietterforskinga tydeleg har bevist det motsatte.

Strike får godt betalt for å sjå på den tilsynelatande oppklarte saka ein gong til.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit sjølvmord som broren til den døde meiner er drap. Ein privatdetektiv som skal gjere den jobben som broren meiner politiet ikkje klarte å gjere.

Karakterane – 8
Ein spennande detektiv, men assistentvikaren hans, Robin, er kanskje eit endå friskare pust.

Miljøskildring – 7
Dagens London, utan at ein kjenner at ein kjem heilt under huda på byen.

Språket – 7
Svært tungt, spesielt i starten. Det er mykje om og men, og somme stader virker det nesten som om forfattaren har site med ordbok, for å unngå å bruke same ord opp igjen to gonger. Unødvendig omstendelig til tider.

Starten – 6
Tung start. Mykje informasjon, som kjem oss til gode seinare i boka, men har sett dette gjort veldig mykje bedre mange gonger.

Sidesnuing – 7
I siste tredjedel er den bra, i dei to fyrste er det svært lite spennande.

Tempo – 7
Lavt tempo stort sett heile vegen. I dei tidlege delane av boka kjennes dette berre treigt, men mot slutten, der det byrjar skje ting, er farta litt større, og der tempoet er treigt, er det lettare å leve med, fordi det er litt spennande.

Forutsigbarheit – 8
Var lenge redd for at løysinga var altfor lett å finne her, men det viste seg at det ikkje stemte, og ein må gå nokre runder før ein får ringa inn gjerningsmannen.

Den gode kjensla – 7
Mot slutten er dette ein svært god, og ikkje minst solid, krim, og all skrytet som har kome den til gode, kan ein skjøne i denne delen. Men i starten er den kjedeleg, og fortjener absolutt ikkje den rosen som den har fått mange stader.

Avslutninga – 9
Ei god avslutning der dei lause trådane vert nøsta opp, om enn utan det heilt store fyrverkeriet. Men kvaliteten på siste tredjedel hevar denne karakteren litt.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 14/10/2013 in detektiv, england, galbraith, london

 

One response to “Robert Galbraith – THE CUCKOO´S CALLING

  1. Tine

    27/10/2013 at 05:47

    For en kjempefin omtale av boken! Jeg tipset videre om den, siden en svensk blogg har tipset om den i Smakebit på søndag i dag.. Ønsker deg en fin søndag!

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: