RSS

Kroken & Kolden – DØDEN KJEM MED BUSSEN

20 Okt

dodenkjemmedbussenDen andre boka til Vigdis Kroken & Ragnhild Kolden.

Denne gongen startar det med eit drap på nattbussen frå Oslo til Måløy. På Vågå vert ein mann funnen død på bussen, og det lokale politiet får saka.

Ei spennande og velskriven bok, med ein (stor) glipp, som gjer at ein sit igjen, veldig usikker på om boka er god eller ikkje.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein datagrunder frå Lom vert funnen drept på nattbussen frå Gardermoen, og Lom-politiet har ikkje jobba lenge med saka, før dei får eit nytt drap i fanget.

Karakterane – 6
Greie og enkle karakterar, ikkje for innfløkte eller djupe. Men eit stort minus for at forfattarane gjer seg sjølv til karakterar i boka. (Sjå nest siste punkt for meir)

Miljøskildring – 9
Fine skildringar av Lom og Vågå, og områda rundt.

Språket – 8
Veldig bra. Eit stort steg i rett retning frå den forrige boka. Ein del litt rare ord, som dei muligens bruker på Lom, men som slett ikkje er daglegdagse i resten av den nynorske verda.

Starten – 8
Spennande frå starten av. Nesten ikkje eit dødpunkt på dei fyrste 60 sidene.

Sidesnuing – 8
Ei stort sett spennande bok. Gode cliffhangerar i dei fleste kapitla.

Tempo – 8
Veldig bra. Her går handlinga i eitt, og det er bra driv heile tida.

Forutsigbarheit – 8
Ganske bra. Mange kandidatar, i reinaste Agatha Christie-stil.

Den gode kjensla – 7
Stort sett ganske bra, men det er eit stort minus, nemleg at forfattarane har skrive seg sjølv inn i boka. Fyrst vert dei berre nemnt, noko som virkar rart nok, men så, i kapittel 23, gir dei seg sjølve liv og karaktertrekk gjennom eit heilt kapittel. Dette er veldig ufprståelig og forstyrrande i ei ellers svært god bok, og dreg totalinntrykket ned. Utan dette underlige innfallet, hadde denne boka fått ein langt høgre karakter enn den fyrste boka, for stort sett er dette ei mykje bedre bok.

Avslutninga – 7
Litt skuffande i forhold til tempo og spenning i resten av boka.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: