RSS

Denise Mina – DØDEN PÅ GARNETHILL

27 Okt

garnethillEtter ein fuktig kveld ute, vaknar Maureen O´Donnel og finn den gifte mannen ho har eit forhold til, brutalt drept i si eiga stove. Problemet er berre at han ikkje skulle vere i leiligheita hennar no, og at ho ikkje møtte han kvelden før. I alle fall ikkje som ho kan hugse.

Politietterforskinga fører ganske kjapt til ein favorittmistenkt: Den tidlegare psykiatriske pasienten Maureen.

Med politiet i hælane, og ei familie som tvilar på henne, vert Maureen tvungen til å finne fram til den skuldige på eigen hand. Om det då ikkje viser seg at politiet og familien hennar har rett.

(1998)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung kvinne er mistenkt for å ha teke livet av elskaren sin, men hevdar sjølv ho er uskuldig. Men utan særleg gehør hjå politiet, vert ho nøydd til å nøste opp i saka for å frifinne seg sjølv.

Karakterane – 8
Fine og utfyllande karakterar, sjølv om hovudpersonen til tider kan virke i overkant skarp for ein tidlegare psykatrisk pasient som har valgt billetsal som karriere.

Miljøskildring – 8
Eit mørkt og grått Glasgow, som om du var der sjølv.

Språket – 8
Bra flyt, og enkelt og fint språk, men svak oversetjing. Mange grove feil i mi utgave, utgitt av Vigmostad & Bjørke i 2004. Men ein kan ikkje laste forfattaren for det.

Starten – 8
Rett på sak, sjølv om det ikkje er ein heseblesande start.

Sidesnuing – 8
Litt opp og ned, men alt i alt ei spennande bok. Du klarer å legge den frå deg, men ikkje for så lenge i gongen.

Tempo – 8
Bra driv gjennom heile boka. Mykje bihistorier som skal forteljast, og det vert gjort på ein glitrande måte.

Forutsigbarheit – 8
Løysinga vert gjort på ei litt spesiell måte her, då hovudpersonen får kviskra til seg kven mordaren er, utan at me som les høyrer det. Men fine vriar og fleire mistenkte undervegs.

Den gode kjensla – 8
Ei svært solid debutbok. Litt tung somme stader kanskje, men grundig, spennande og stort sett med bra driv. Har allereie kjøpt neste Denise Mina bok, i ei anna serie vel og merke, men ser fram til den. (NB: For å understreke for ei jamnt solid bok dette er: Dette er den fyrste av 215 bøker så langt, som har fått same karakter på alle punkt)

Avslutninga – 8
Spennande, men kanskje litt enkel?

TOTAL: 8,0

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 27/10/2013 in glasgow, mina, politi, sjukehus, skottland

 

2 responses to “Denise Mina – DØDEN PÅ GARNETHILL

  1. Kari

    28/10/2013 at 12:37

    Jeg har lest hele trilogien og første bok i den andre serien du nevner. Likte dem veldig godt alle sammen 🙂

     
  2. mwn77

    03/11/2013 at 23:04

    Bra. Har kjøpt den fyrste i den andre serien, og skal straks ta fatt på den.

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: