RSS

Samuel Bjørk – DET HENGER EN ENGEL ALENE I SKOGEN

04 Nov

dethenger«Debuten» til Samuel Bjørk, som er eit pseudonym ingen førebels har klart å finne ut av. Men det er vel truleg at dette er ein forfattar (eller min personlege teori; forfattarar) som har skrive bøker før.

Ei seks år gammal jente vert funnen hengande død i eit tre. Med ransel på ryggen, og eit «jeg reiser alene»-skilt rundt halsen. Og ikkje lenge etter, vert ei ny jente funnen på same måte.

Holger Munch, som er utstasjonert på Hønefoss, vert henta tilbake til Oslo for å løyse saka. Saman med seg har han Mia Krüger, som har trukke seg tilbake til ei øy i Nord-Norge, utan andre ønsker enn å ta sitt eige liv.

Ein til tider svært spennande krim, der sidene flyg avgarde, men dessverre skortar det både på særpreg og slutt.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 9
Ei ung jente vert funnen drept i eit tre utanfor Oslo, og deretter ei til. Begge er kledd opp med skulesekk og med «jeg reiser alene»-skilt rundt halsen.

Karakterane – 8
Karakterane har veldig mykje baggasje her, og det tek litt tid å få det fram i løpet av ei einaste bok. Likevel er det gjort ganske bra, og sjølv om forfattaren vil litt for mykje med nokre enkeltkarakterar (spesielt Mia Krüger) av og til, så er dynamikken i etterforskningsgruppa spennande, og det same med gjerningsmannen.

Miljøskildring – 7
Heilt ok, det er ikkje så mykje fokus på stemning her. Me er rundt om i Oslo og på Hønefoss, utan at du bit deg særleg merke i det.

Språket – 8
Godt språk, med unntak av eit par skrivefeil som forlaget må ta på si kappe. Eit lite minus er det at alt virkar så mal-basert. Kva einaste ny bikarakter som vert introdusert, vert introdusert med ei sterk historie om vedkomande. Her er me veldig i Jo Nesbø-land, men i denne boka virkar dette meir repetativt og påtvunge, enn rikt og varierande.

Starten – 9
Svært spennande. Rett på sak, og rett inn eit høgt tempo.

Sidesnuing – 8
Sidene går fort unna her, spesielt når me kjem litt i gong. Men ein får ei kjensle av at forfattaren bit over for mange parallellhistorier her, og det tek til tider alt for lang tid å kome tilbake til ein cliffhanger. Då vert det fort at ein tek ei lita pause.

Tempo – 8
I det store og det heile er det bra tempo, bortsett frå kanskje nokre få strekk (Mia Krüger på øya, mellom anna). I tillegg så er det det med alle historiene som skal forteljast, som spesielt mot slutten dreg ned farta.

Forutsigbarheit – 8
Spennande og vanskelig å sjå kven den skuldige er. Bra bruk av forvirrande element, men det kan også verte for mykje forvirring.

Den gode kjensla – 7
Stort sett ei skikkelig bra bok, men det er somme ting som ikkje er så bra. Dette med at alle karakterar vert introdusert på same måte, er kjedelig. Historieoppbygninga er veldig uoriginal, og det er mange sentrale historier underveis, som forfattaren berre slepp taket i. Og så er det også det med at det er for mange historier. Når me mot slutten går innom 3-4 andre historier, før me får vite kva som skjer i hovudlinja, så dreg det både tempo og spenning ned.

Avslutninga – 6
Den svakaste delen av boka. Det er spennande ei stund, men så sluttar det altfor brått. Me vert snytt for den store finalen. Og, som nevnt over, så er det mange av dei historiene som har fått mest plass undervegs i boka, som ikkje får nokon slutt. Det vert nok eit irritasjonsmoment, når ein allereie har irritert seg over at alle disse historiene dreg ned både tempo og spenning undervegs. Og så viser det seg at dei ikkje vert nøsta opp skikkelig heller? Kvifor var dei då med i boka? Me sit tilbake med altfor mange spørsmål, og dei svara me får, er langt frå gode nok.

TOTAL: 7,8

Reklame
 
2 kommentarar

Posta av den 04/11/2013 tommar barn, bjørk, hønefoss, norge, oslo, politi, sekt

 

2 responses to “Samuel Bjørk – DET HENGER EN ENGEL ALENE I SKOGEN

  1. mwn77

    04/11/2013 at 13:12

    Har ikkje funne så mykje spekulasjonar om kven som skjuler seg bak dette pseudonymet, men det er fleire ting i boka som fekk meg til å tenke at dette er to stykker (minst) som har skrive. Og om eg skulle tippe, ein av kvart kjønn.

    Men blir vel satt kraftig på plass når forfattaren vert offentlig kjent 🙂

     
  2. vestfoldgirl

    18/11/2013 at 17:02

    Jeg synes boka var veldig spennende, men enig det du sier om slutten. Den kom litt brått og jeg savna litt oppsummering. Men gleder meg til neste fra denne mystiske forfatteren!

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: