RSS

Mick Herron – DEAD LIONS

29 Des

deadlionsDenne boka har teke over ein månad å lese, og sjølv om den har vunne prisar for god krim i utlandet, så er spesielt starten svært seig her.

Ein tidlegare agent vert funnen død på ein buss, og etter mykje om og men, finn me ut at etterforskaren Jackson Lamb er på saka. Etter kvart tek tempoet seg opp, og me viklar oss inn i eit nett av tidlegare russiske agentar.

Ei svært todelt bok, der fyrste halvdel er seig som sirup, medan andre halvdel er rein kvalitet.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein mann vert funnen død på ein buss, og det viser seg at han var ein tidlegare britisk agent, som jobba i den tidlegare Sovjetunionen.

Karakterane – 8
I byrjinga er det veldig mange karakterer som skal skiljast frå kvarandre, og mange av dei manglar særpreg, som gjer dei endå vanskeligare å skilje. Men etter kvart veks dei fleste av dei, og dei sentrale vert i alle fall ganske bra.

Miljøskildring – 8
London og det engelske bondelandet. Godt og stemningsfullt skildra.

Språket – 7
Las boka på engelsk, og det er nok den mest krevande boka eg har lest på det språket. Ikkje fordi språket er så vanskeleg, men fordi språket er såpass rikt, og moderne, og muntleg. Stadig må ein tilbake og lese setningar opp att fordi ein har tolka dei feil. Vert mykje bedre i siste halvdel av boka.

Starten – 6
Tung, innvikla, uoversiktleg, treig og lite spennande. Men hald ut, det vert bedre. Det må det.

Sidesnuing – 7
Som resten av boka: Del ein er håplaus og sidene ser ut til å stå stille. Men i del to, flyg sidene av garde.

Tempo – 7
Igjen – elendig tempo i fyrste halvdel, bra etter pause, som dei seier.

Forutsigbarheit – 7
Ein del overraskande og fine vriar og vendingar mot slutten.

Den gode kjensla – 7
Vanskeleg å seie, for igjen; det er ikkje mykje godkjensle i starten. Heller dagevis med frustrasjon. Men mot slutten vert dette ei svært god bok. Spennande og actionfylt.

Avslutninga – 8
Ei sterk avslutning, med både spenning, nerve og action. Mange friske vriar, og høgt tempo.

TOTAL: 7,2

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/12/2013 in england, herron, landsbygda, london

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: