RSS

Jørn Lier Horst – BUNNFALL

05 Feb

bunnfallDen sjette boka om William Wisting.

I Stavern byrjar avkappa venstreføter å drive i land. Avkappa venstreføter i joggesko, og ingenting anna.

Politiet sjekkar funna opp mot nokre forsvinningssaker frå året før, og kjem over ei gruppe motstandsfolk som har holdt saman heilt fram til i dag.

Parallellt jobbar Line, journalistdottera til Wisting, med ei intervjuserie, der ho portretterer tidlegare drapsmenn, og lagar eit bilete av korleis straffa har påverka dei.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Avkappa kroppsdelar driv i land, og politiet er på nytt på jakt etter ein seriemordar.

Karakterane – 8
Etter kvart eit velkjend univers dette her, og karakterane er gode, sjølv om det er mest Wisting og dottera i denne, og mindre av kollegane hans.

Miljøskildring – 9
Som vanleg er Stavern og omegn skildra på ein glimrande måte her.

Språket – 8
Enkelt og greit, god flyt.

Starten – 8
Spenninga vert sett tidleg, og lovar mykje.

Sidesnuing – 7
Stort sett er det spennande, utan at det vert heilt forløyst.

Tempo – 8
Historia driv bra framover gjennom heile boka.

Forutsigbarheit – 6
Ein ser konturane av ei løysing, og i all fall av dei store samanhengane, litt for tidleg dessverre. Men då knyter det seg sjølvsagt mykje spenning til om ein har rett.

Den gode kjensla – 7
Ein god krim, men det kjennes litt overfladisk, og me saknar å kome skikkeleg inn i saka denne gongen. Den svakaste av Wisting-bøkene so langt, utan at det betyr at det er ei dårleg bok.

Avslutninga – 6
Actionprega, men litt for ukomplisert.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: