RSS

Jon Ottar Olafsson – OVERVÅKET

22 Feb

overvaketNy islandsk krimskapar som debuterer med ei bok om overvaking (avslørande tittel, der altså).

Ei død kvinne vert funnen i eit naust i Reykjavik, og etter kort tid vert saka lagt vekk, med overdose som dødsårsak. Men politimannen David er overtydd om at kvinna har vorte drepen, og fylgjer saka vidare.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei kvinne vert funnen død i eit naust, politiet meiner det er ei overdose. Men politimannen David meiner ho ikkje kunne ha havna i naustet av eiga hjelp.

Karakterane – 7
David er den sentrale, og etter kvar den nye kollegaen hans, Anna. Heilt greie karakterar, litt vanskeleg å seie så mykje om dei etter ei bok. Fyrsteboka gir alltid mykje introduksjonar.

Miljøskildring – 8
Mørk og grått, slik ein får inntrykk av at alle skriv om Reykjavik. Stemningsfullt og dystert.

Språket – 8
Fint og enkelt. Bra driv heile vegen.

Starten – 7
Startar bra, men flatar litt ut, ganske tidleg.

Sidesnuing – 7
Det manglar litt. Er ganske spennande, men ikkje den heilt store sidesnuaren.

Tempo – 7
Det er stadig nye vinklingar i etterforskinga, men likevel kjennes det i perioder som om historia står stille.

Forutsigbarheit – 7
Mange potensielle kandidatar er innom, og det er kanskje nokre som utkrystalliserer seg litt for lett.

Den gode kjensla – 7
Fin, mørk stemning, og til tider spennande, men alt i alt vert det litt for enkelt. Overvakinga gjer også at løysningane kjem litt for enkelt.

Avslutninga – 7
Litt halvvegs, og utan den heilt store nerven.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: