RSS

Glenn Cooper – BIBLIOTEKETS VOKTERE

07 Mar

biblioteketsvoktereDen tredje boka om biblioteket i Vectis-klosteret.

Dette er jo strengt tatt ikkje så mykje ein krim, som ein thriller, men men. Tidlegare FBI-agent Will Piper lever late dagar i Florida, fleire år etter dommedagssaka. Men så byrjar det å dukke opp nye postkort, med dødsdatoen til mottakaren på, og Piper vert motvillig dregen inn i saka på nytt.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 7
Plutselig byrjar det å dukke opp nye postkort, og denne gongen vert alle sendt til kinesarar i USA. Dette ser ut til å føre til ei diplomatisk krise mellom dei to landa, og tidlegare FBI-agent Will Piper og kona Nancy vert involverte i saka.

Karakterane – 7
Me er godt kjende med dei fleste av karakterane frå dei fyrste bøkene. Sonen Philip er no i tenåra, er ein av dei nye sentrale karakterane. Miksen av folk er bra, om kanskje noko uoriginal. Og Will Piper har kanskje litt vel mykje draget på damene her.

Miljøskildring – 7
Enkle skildringar av det late liv i Florida, og det grå bondelandet i Yorkshire.

Språket – 9
Veldig bra flyt, og enkelt og lettlest språk.

Starten – 8
Spennande start, med etablering av fleire retningar heilt frå starten av.

Sidesnuing – 8
Det går i eit stort sett heile vegen.

Tempo – 8
Bra tempo og bra driv gjennom heile historia. Einaste plassen det luggar litt er mot slutten, då ein litt for tidleg ser enden på forteljinga, og det skjer ganske lite.

Forutsigbarheit – 7
I starten er det åpent og spennande, men etter kvart som me kjem ut i siste tredjedel av boka, er dei fleste brikkane allereie på plass. Og då vert det få overraskingar.

Den gode kjensla – 7
Ei spennande bok, med gamle mysterier som kan endre verdshistoria. Bra språk og stort sett spennande, men likevel kjennes det litt for overfladisk og enkelt.

Avslutninga – 7
Det bygger veldig opp mot dramatikk, men etter kvart som det vert færre og færre sider igjen, mistenker ein at lite vil skje. Og slik vert det. Altfor enkel slutt.

TOTAL: 7,5

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: