RSS

Jørn Lier Horst – VINTERSTENGT

11 Mar

vinterstengtBok nummer 7 om William Wisting. Denne gongen er det ein død innbruddstjuv som vert funnen på ei vinterstengt hytte.

I ei parallell historie har dottera Line problemer i sambuarforholdet, og flytter til den gamle familiehytta, som ligg rett ved der den døde vart funnen.

Og i tillegg ramlar det døde fuglar ned frå himmelen, utan noka logisk forklaring

(2011)

Vurdering:

Plottet – 8
Etter eit innbrudsraid blant vinterforlatte hytter, vert ein død person i finlandshette funnen i hytta til ein TV-kjendis.

Karakterane – 8
Lier Horst har lagd eit univers med truverdige karakterar, og her nyttar han informasjon frå tidlegare bøker på ein meisterleg måte for å skape nye historier.

Miljøskildring – 8
God skildring både av kysten rundt Stavern, og Oslogryta.

Språket – 9
Bra, spennande og god framdrift heile vegen.

Starten – 8
Ein spennande start, som lovar mykje.

Sidesnuing – 8
Det er få dødpunkt i denne historia, og det vert kanskje meir enn tidlegare veksla mellom fleire parallelle historier.

Tempo – 8
Bra tempo, mykje cliffhangerar og bra driv.

Forutsigbarheit – 7
Kanskje den største svakheita i denne boka. Det er mange gåter me vil vite svaret på, men problemet er at me ser løysingane lenge før etterforskarane gjer det, og det er litt frustrerande av og til.

Den gode kjensla – 8
Alt i alt ei god og spennande bok, som samtidig er solid og brei, og byr på mange interessante vriar. Ei av dei betre bøkene om Wisting hittil.

Avslutninga – 8
Spennande og dramatisk, med både overraskande vriar og ei fin oppnøsting av alle lause trådar.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: