RSS

Torkil Damhaug – SIKRE TEGN PÅ DIN DØD

20 Mar

sikretegnpådindødEin hardt skadd mann forsvinn frå Akershus Universitetssjukehus, og dukkar seinare opp død i eit skap i kjellaren.

Sigurd Woods oppdagar at den svenske kjærasten hans har hemmeligheiter for han, og flyktningen Arash ser spøkelser frå fortida.

Og midt i dette spindelvevet, finn me Jennifer Plåterud, som har relasjonar til alle dei sentrale skikkelsane.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein pasient vert drepen i kjellaren på Akershus Universitetssjukehus, men ingen har sett noko eller nokon. Portøren Arash er den siste som har sett pasienten i live.

Karakterane – 9
Solide og truverdige karakterar. Nokre av dei kjende frå tidlegare Damhaug-bøker.

Miljøskildring – 8
Oslo, Lillestrøm og Malmö skildra på ein fin måte.

Språket – 8
Damhaug skriv glimrande, med kjempeflyt og enkelt og lettlest språk. Einaste som luggar litt er når Arash-karakteren går inn i dei svevande tankespinna sine.

Starten – 8
Litt seigare start enn det me er vande til frå Damhaug, men likevel betre enn mange.

Sidesnuing – 9
Det er stort sett spennande heile vegen. Dei få dødpunkta som er, er knytta til ein av karakterane, som ikkje har same driven som dei andre.

Tempo – 8
Her vekslar me mellom ein heseblesande action, og ein litt rolegare spenningskrim. Men tempoet er høgt stort sett heile vegen.

Forutsigbarheit – 9
Som nevnt før, er Damhaug ein av landets aller beste spenningsforfattarar, og også denne gongen held han korta tett til brystet, samstundes som han leiar oss både i den eine og den andre retninga.

Den gode kjensla – 8
Ei god historie, men ikkje heilt på høgde med den forrige boka, Ildmannen, som muligens er ei av dei beste spenningsbøkene her til lands nokon gong.

Avslutninga – 9
Spennande og dramatisk.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: