RSS

Melanie McGrath – ISKALD GLØD

01 Apr

iskaldglødHadde aldri høyrt om denne boka då den vart plukka opp på tilbod, men omslaget lovar bra.

Og boka skuffar heller ikkje. Handlinga er lagt til den arktiske delen av Canada, der læraren og guiden Edie, er ute på jakttur med to turistar, og den eine vert skoten og døyr. Det heile vert avfeid som ei jaktulykke, men Edie er sikker på at det er feil, og med meir eller mindre hjelp av den lokale politimannen, prøver ho å finne ut av det.

Ein spennande og ikkje minst stemningsfull historie, der det harde og for oss, annaleise livet vert glitrande skildra.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 8
Edie Kiglatuk er ute og guidar to amerikanske jegerar, då den eine plutseleg vert skoten. Den andre jegeren er einaste vitne til hendinga, som til slutt vert avskreven som ei ulukke.

Karakterane – 8
Gode, mørke og triste karakterar, i eit iskaldt landskap av alkoholmisbruk, einsemd og snøstormar.

Miljøskildring – 9
Stemninga rundt inuittsamfunna i Nord-Canada er sjølve essensen i denne historia her, og er både fascinerande og oppslukande.

Språket – 8
Enkelt og godt språk, oversett av eit hittil uskrive blad for min del.

Starten – 8
Spennande og mystisk frå starten av.

Sidesnuing – 8
Sjølv om det ikkje er dei heilt store cliffhangerane i denne historia, så er det vanskeleg å legge boka frå seg. Men sjølve krimmen her, er absolutt ikkje den sterkaste delen av boka. Den er litt enkel og tynn, og ikkje like fengande som historia til menneska og den arktiske opplevinga her. Dessutan løyser alle tilløp til spenning seg litt for enkelt for hovudpersonen.

Tempo – 8
Tempoet er ikkje all verda, det heile foregår i bedagelig fart. Men likevel tenker ein aldri at det går for sakte.

Forutsigbarheit – 8
Det er vanskeleg å gjette kva som kjem rundt neste hjørne, sjølv om forfattaren heller ikkje legg vekt på dei store og sjokkerande tvistane.

Den gode kjensla – 8
Stemninga og spenninga er på topp, sjølve den kriminelle handlinga som har vorte gjort her, er kanskje det svakaste i heile boka. Den historia er tynn, og hadde ikkje vore rare greiene uten dei rammene forfattaren har fått til her. Eit anna minus er det at alt går litt for lett for hovudpersonen. Det er aldri nokon skikkeleg nerve i historia.

Avslutninga – 8
Ein god slutt, med både litt action og endeleg litt nerve i ting som ikkje går hovudpersonen sin veg.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/04/2014 in arktis, canada, inuitt, jakt, mcgrath, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: