RSS

Frode Granhus – DJEVELANGER

17 Apr

djevelangerEi seks år gammal jente forsvinn når ho er ute og trillar på dokkevogna si. Faren, ein slags svovelpredikant, seier at han ser ho kjem til å kome tilbake etter tre dagar. Dette gjer han til ein av dei hovudmistenkte.

Samstundes er eit tjern i ferd med å tørke ut, og ei gammal hemmeligheit er i ferd med å verte avdekka.

I tillegg får Rino Carlsen ein ung og attraktiv kollega på politihuset.

Den skumle stemninga frå Malstrømmen er borte, men du verden kor Granhus tek igjen det igjen i historiebygging og dramaturgi.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit barn forsvinn, og foreldra virkar overraskande rolege. Rino Carlsen og kollegaene hans jaktar etter liknande saker i arkivet.

Karakterane – 7
Fine og varierte karakterar, men dessverre er noko av sjarmen med Rino Carlsen, landets mest «harry» politimann, borte i denne boka. Likevel er det største ankepunktet kanskje dei vaksne tankane til ein bortført 6-åring.

Miljøskildring – 9
Spennande skildringar av områda rundt Bodø, Svolvær og omegn.

Språket – 9
Lettlest og med bra flyt stort sett heile vegen.

Starten – 7
Ganske roleg start, og spenninga tek seg ikkje heilt opp før me kjem eit godt stykke ut i boka.

Sidesnuing – 9
Bra tempo og driv stort sett heile vegen. Frå midten og utover er det vanskeleg å legge ned boka.

Tempo – 9
Same som over. Tempoet er veldig bra frå midten og ut.

Forutsigbarheit – 8
Mange mistenkte gir mange vriar og vendingar, og fleire parallelle historier gjer boka rik og vanskeleg å forutsjå.

Den gode kjensla – 9
Starten av boka er nok den svakaste delen av dei tre Granhusbøkene eg har lest hittil, men boka tek seg såpass opp at gjennomsnittet går mange krimbøker ein høg gong. Nok ein gong byr Granhus opp til fleirfaldige lause trådar som ein har vanskeleg for å tru at han klarer å nøste i hop, og likevel sit ein igjen med ei kjensle av at ein har fått svar på alt.

Avslutninga – 10
Ei svært spennande og sterk avslutning, med fleire vriar og vendingar. Nesten så at det vert for mykje av det gode mot slutten der.

TOTAL: 8,5

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: