Den fyrste nyutgivelsen av Max Mauser sine krimbøker. (Ei ny bok er no ute)
Bak pseudonymet Max Mauser skjuler nazisympatisøren Jonas Lie seg, og hans stilling i regjeringa til Quisling gjorde at bøkene hans, av mange rekna som nokre av dei beste norske krimbøkene nokon gong, forsvann frå bokhyllene.
Handlinga går føre seg på herregarden Bjørneby, der eit gammalt sagn vert vekt til liv, når det fyrste av tre vonde varsel dukkar opp: Eit hestehovud på ein staur. Deretter dukkar dei andre to opp etter kvart. Og det er majoren, Winterfeldt, som står i sentrum for truslane.
Historia vert fortalt gjennom notatane til den unge huslæraren Nagell.
(1934)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit gammalt sagn, som fortel om ein person som får tre varslar før han vert drepen, vert vekt til liv på herregarden Bjørneby.
Karakterane – 7
Ein nysgjerrig huslærar, ein klok lege og ein smart politimann er høgdepunkta blant dei relativt få karakterane her.
Miljøskildring – 9
Skummel, mørk og dyster stemning på landsbygda.
Språket – 7
Det er 80 år sidan boka kom ut, så språket er ikkje det mest moderne. Men den litt aldrande stilen er med på å setje den rette stemninga.
Starten – 7
Ein del prat og etablering i starten, men me kjem relativt kjapt i gong med historia.
Sidesnuing – 7
Boka har sitt høgdepunkt frå omtrent midten og utover, og her er det vanskeleg å legge boka frå seg.
Tempo – 7
Det er litt for mykje 1934 over tempoet her. Ting er omstendelige og det går sakte. Nokre gonger skjer det litt meir, men stort sett kjennes det som om det er ei side med tomprat for kvar side med framdrift.
Forutsigbarheit – 9
Svært gode vendingar. Overraskande og spennande.
Den gode kjensla – 8
Ei særs god påskebok. Den rette, klassiske krimstemninga som ein alltid leiter etter. Litt minus for at det går litt sakte, men alt i alt god lesing på late påskedagar.
Avslutninga – 8
Spennande avslutning, mykje avsløringar, men den vert kanskje teke litt for mykje ned i spenning?
TOTAL: 7,7